Sigríður Ásthildur Andersen () er ein islandsk politikar og jurist som var i landet frå 2017 til 2019. Ho trekte seg frå stillinga i mars 2019 etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen konkluderte med at hennar utnemningar av dommarar til den islandske ankedomstolen ikkje var lovlege. Ho har vore medlem av Alltinget for Sjálfstæðisflokkurinn sidan 2015.

Utdanning og karriere Sigríður fullførte i 1991, studerte rettsvitskap ved Universitetet på Island og blei advokat i 2001. Frå 1999 til 2005 jobba ho som jurist i det islandske , sat i Rådet for tingrettane frå 2004 til 2009, og arbeidde deretter i eit privat advokatfirma frå 2007 til 2015.

Sigríður var vararepresentant for Sjálfstæðisflokkurinn i Alltinget ein kort periode i 2008 og i nokre månader mellom 2012 og 2015. I 2015 blei ho vald inn som fast medlem av .

Kontroverser Sigríður var ein kontroversiell figur under si tid som justisminister. Ho spelte ei sentral rolle i skandalen rundt attopprettinga av «æra» til ein dømd , noko som førte til at regjeringa til statsminister gjekk av i 2017.

I 2017 følgde Sigríður ikkje tilrådingane frå ein spesialkomité om dei mest kvalifiserte dommarkandidatane til den nyoppretta islandske ankedomstolen. I staden valde ho ut fire dommarar sjølv, blant dei kona til partifellen . Den 12. mars 2019 slo Den europeiske menneskerettsdomstolen fast at utnemningane ikkje var lovlege. Dagen etter, 13. mars 2019, kunngjorde Sigríður at ho ville trekkje seg som justisminister.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sigríður Ásthildur Andersen» frå , den 23. mars 2025.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Biografi om Sigríður Á. Andersen på nettsida til Alltinget (islandsk)

Kategori:Islandske juristar Kategori:Islandske politikarar Kategori:Islandske justisministrar Kategori:Folk frå Reykjavík