Englehatten og andre forteljingar er ei barnebok frå 1919 av Halvor Floden. Det er ei novellesamling med fire noveller. Da boka kom i ny utgåve i 1930 var det lagt til ei ny, femte novelle.
Bakgrunn Boka var den einaste barneboka på nynorsk dette året. Boka kom ut etter at Floden hadde blitt lærar i Hernes, og budde på småbruket Svea (Schulstadsvea) som han hadde kjøpt i 1916. Halvor og Anne Floden hadde på denne tida 4 barn, fødd 1907–1915.Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
Innhald Novellene i boka er «Englehatten», «Då eg var kunstnar», «Fatig» og «Maurkongen». Den femte novella, som vart lagt til i 1930, er «Medalja». To av novellene hadde tidlegare vore trykte i Juletre, juleheftet til Norsk Barneblad; «Fatig» og «Maurkongen». Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga lagt til ei austnorsk skogbygd.
Tema for novellene er mellom anna barnetru, fattigdom, uvennskap og å ta æra for noko ein annan har gjort. I «Maurkongen» blir mauren ein metafor for styrke. Novella handlar om uvennskap og revirhevding mellom to gutar som til slutt klarer å samarbeide. Dei to første novellene («Englehatten» og «Då eg var kunstnar») er sjølvbiografiske minne; den første om mora og om barnetru, den andre om marerittaktige fantasiar som oppstår etter ei dokketeaterframsyning.
Omtale Fleire bokmeldarar peiker på at Floden viser god innsikt i barns tankegang og psykologi. Arne Garborg er inne på det same i eit brev til Floden i 1920: «desse smaagutsogene, serleg dei tri fyrste, høyrer til det beste eg har lese, so friske, livfulle, psykologisk sanne er dei ...»
Novella «Englehatten» blei i 1957 tatt med i 6. bindet av Thorbjørn Egners lesebøker, i forkorta form og med tittelen «Halvor og englehatten».
Referansar
Kategori:Norsk barnelitteratur Kategori:Bøker frå 1919