Maja Tsjiburdanidze () er ein georgisk stormeister i sjakk. Ho blei den sjette , ein tittel ho hadde frå 1978 til 1991. Ho var den yngste fram til 2010, då denne rekorden blei broten av . Tsjiburdanidze er den andre kvinna som blei tildelt tittelen stormeister av FIDE. Ho har vunne ni gullmedaljar i lagspel i sjakk-OL for kvinner.
Tidleg liv og karriere Maja Tsjiburdanidze blei fødd den 17. januar 1961 i Kutaisi i i Sovjetunionen, og byrja å spele sjakk då ho var omtrent åtte år gammal. Ho blei sovjetisk jentemeister i 1976, og eit år senere vann ho .
Tsjiburdanidze vann i sin debut i den internasjonale sjakkturneringa for kvinner i Brașov i 1974, då ho berre var 13 år gammal. Ho fortsette med å vinne ei anna turnering i Tbilisi i 1975 før ho gjekk inn i verdsmeisterskapen for kvinner i 1976/77.
I 1977 blei Tsjiburdanidze som 16-åring tildelt tittelen kvinne-stormeister av FIDE.
Spelestilen til Tsjiburdanidze er solid, aggressiv, og godt forankra i klassiske prinsipp. Stilen blei påvirka av , ein sovjetisk topptrenar som var trenaren hennar tidleg i karrieren.
Kvinneleg verdsmeister Tsjiburdanidze enda på andreplass i kvinneklassen i Tbilisi under Interzonal i 1976, og kvalifiserte seg dimed til kandidatkampane i 1977. Ho gikk videre til kandidatfinalen, der ho slo med 7½–6½. Ho kjempa dermed om verdsmeistertittelen i , Georgia, mot Nona Gaprindashvili, den dåverande regjerande verdsmeisteren for kvinner. Tsjiburdanidze slo Gaprindashvili med 8½–6½.
Tsjiburdanidze forsvarte tittelen sin fire ganger. I 1981 beheldt Tsjiburdanidze tittelen ved å spele remis, 8–8, mot i /Tbilisi. Tre år seinare spelte ho mot i Volgograd i Russland og vann 8½–5½. Den neste kampen om tittelen var mot i Sofia i 1986, som Tsjiburdanidze vann 8½–5½. I 1988 slo hun i i Georgia 8½–7½.
I 1984 tildelte FIDE Tsjiburdanidze tittelen stormeister. Ho er den andre kvinna, etter Nona Gaprindashvili, som har blitt tildelt tittelen.
Tapet av tittelen miniatyr|Tsjiburdanidze i Iráklio i 2007 frå Kina vann kvalifiseringsturneringa til å utfordre Tsjiburdanidze i verdsmesterskapet i februar 1991. Tsjiburdanidze mista tittelen til den unge kinesiske spelaren i Manila med 8½–6½. Hennar tid som kvinneleg verdsmeister var den tredje lengste på heile 13 år, berre bak den fyrste kvinnemeisteren , som regjerte i 17 år frå 1927 til hennar død i 1944, og Gaprindashvili, som hadde tittelen i 16 år.
Tsjiburdanidze har forsøkt å attvinne verdsmeistertittelen, men med framvoksteren av dei kinesiske kvinnene og Polgár-systrene , Zsófia, og Judit viste dette seg å vere vanskeleg. Hennar beste prestasjon sidan 1991 har vore fyrsteplassen i Tilburg under kandidatturneringa i 1994. Ho tapte sluttspelet mot med 5½–1½. Deretter, trass i at ho ikkje har godkjend bruken av utslagsformatet, har ho delteke i verdemeisterskapen dei siste åra. Hun nådde semifinalen i 2001, men blei slått ut av frå Kina, som enda med å vinne tittelen. I 2004 nådde Tsjiburdanidze igjen semifinalen, der ho tapte mot , som enda med å vinne tittelen.
Andre sjakkprestasjonar Tsjiburdanidze er lite imponert over «kvinnesjakk», og håpar på ei tid då det ikkje vil vere behov for eigne herre- og kvinneturneringar. Ho har spelt mykje i «herre»-turneringar rundt om i verda, og hennar beste prestasjonar var på 1980-talet og byrjinga av 1990-talet. Ho vann turneringane i New Delhi i 1984 og i Banja Luka i 1985, og endte på tredjeplass i Bilbao i 1987 med ei rating på 2616 mot elitespelarar. Ho utlikna i ein åttepartiskamp mot stormeisteren , som hadde ei rating på 2545. I det neste tiåret enda ho på 1. plass i Beograd i 1992, Wien i 1993 og i Lippstadt i 1995 og 1997., 1996
Tsjiburdanidze var ein viktig medlem av Sovjet-laget som dominerte kvinneolympiadane på 1980-talet, og då Georgia blei sjølvstendig frå Sovjetunionen i 1990, spelte ho på brett 1 for det nye georgiske landslaget som vann fire gullmedaljar i 1992, 1994, 1996 og 2008.
Tsjiburdanidze spilte også i den europeiske lagmeisterskapen i 1997 då Georgia vann gullmedaljen, og i den fyrste «Europa mot Asia» interkontinentale hurtigsjakk-kampen som blei arrangert i Batumi i Georgia i september 2001. Asia vann kvinnedelen med 21½–10½ der Tsjiburdanidze bidrog med 3½ poeng. I spelte ho på brett 1 for Georgia, som vann gullmedaljen. Ho vann også gullmedalje for beste rating med 2715. Ho spelte si siste turnering i juli 2012.
Utmerkingar Tsjiburdanidze har blitt heidra mange gongar av landet hennar, og fleire frimerke har blitt designa for å heidre sjakkprestasjonane hennar. Mongolia gav ut eit minnesmerke i 1986 som illustrerer ei stilling i eit av hennar parti frå verdsmeisterskapen i 1984 mot . Ho blei innlemma i i 2014.
Maja Tsjiburdanidze er ein av flere kvinnar frå Georgia som har utmerka seg på dei høgaste nivåa innan sjakk. Ho har bidrege til å auke statusen til spelet ytterlegare i Georgia.
I media I 2021 dukka Tsjiburdanidze opp i dokumentaren Glory to the Queen saman med , Nona Gaprindashvili og .
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Maja Tsjiburdanidze» frå , den 27. mars 2025.
Kategori:Georgiske sjakkspelarar Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar Kategori:Folk frå Kutaisi