Ellen Støkken Dahl () er ein norsk lege, forfattar og populærvitskapeleg formidlar. Ho er busett i Oslo, opphavleg frå Stavanger og var elev ved Stavanger katedralskole.Stavanger Aftenblad: "Midtøsten skaper engasjement blant unge", 04. mars 2009 s.15.

I 2017 debuterte Dahl med boka Gleden med skjeden, ei populærvitskapeleg bok om kvinners underliv, skriven saman med Nina Brochmann. Gleden med skjeden er seld til omsetjing på 36 språk, og blei nominert til Brageprisen og Språkprisen.

I 2017 heldt Dahl og Brochmann eit TEDx-føredrag «The Virginity Fraud» om mytene om jomfruhinna. Videoen har over 7 millionar syningar og er eit av de mest sette TEDx-føredraga nokonsinne.

I 2019 gav Dahl og Brochmann ut boka Jenteboka – Ellen og Ninas guide til puberteten. Boka fekk terningkast 6 i VG og blei kåra til ei av årets beste bøker av Aftenposten og VG.

Bibliografi 2017: Gleden med skjeden – Alt du trenger å vite om underlivet (medforfattar) 2019: Blod og bein – lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie (antologi, medforfattar) 2019: Jenteboka – Ellen og Ninas guide til puberteten (medforfattar) 2021: Gutteboka - din guide til puberteten (medforfattar) 2022: I seng med fienden eller Venus’ forbannelser

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ellen Støkken Dahl» frå , den 30. mars 2025.

Bakgrunnsstoff Ellen Støkken Dahl i Forfatterkatalogen Ellen Støkken Dahl hos Athenas foredragsformidling Ellen Støkken Dahl hos Aschehoug forlag

Kategori:Norske legar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Stavanger