mini|Charter-traktoren. Charter Gas Engine Co. var eit føretak i Sterling i Illinois som produserte stasjonærmotorar for landbruket. Det vart stifta i 1889 ved at eit tidlegare føretaket Williams & Orton Manufacturing Co. bytta namn til Charter Gas Engine Co.Manufacturers Index - Charter Gas Engine Co., Vintage Machinery, 29. desember 2020., truleg på grunn av ei reorganisering eller eigarbytte.

I 1889 plasserte føretaket ein av dei 1-sylindra stasjonærmotorane sine på ei stålramme saman med eit drivverk sett saman av deler henta frå ein Rumbely damplokomobil. Motoreffekten skal ha vore rundt 20 hk. Den saktegåande motoren hadde to store svinghjul som sytte for at rotasjonen heldt fram under kompresjonstakta. Drivverket var heilt ope og både motor og drivverk hadde manuell smøring.

Dette var den fyrste kjende traktoren med stempelmotorar_med_innvendig_forbrenning. Denne traktoren høvde trulig betre som sjølvkøyrande stasjonærmotor enn som trekkmaskin. Det vart produsert seks slike maskinar.

Referansar

Kategori:Tidlegare motorprodusentar Kategori:Tidlegare traktorprodusentar