Saidnayafengselet (arabisk سجن صيدنايا, Siijn Ṣaydnāyā) var eit militært fengsel og ein dødsleir som låg vest for byen Saidnaya i Syria, 30 kilometer nord for Damaskus. Under den syriske borgarkrigen blei eit estimert tal på rundt 30 000 personar torturerte og avretta i fengselet. Amnesty International karakteriserte dette som ein «utryddingspolitikk».

Skildring Arbeidet med å byggja Saidnayafengselet tok til i 1978, då syriske styresmakter konfiskerte land frå lokale grunneigarar og gav det til forsvarsdepartementet for å byggja eit fengsel. Bygginga starta i 1981 og var fullført i 1986. Dei fyrste fangane kom i 1987.

I juli 2008 braut det ut uro i fengselet som enda med ein massakre av ni fangar.

Saidnayafengselet var det største fengselet i Syria, men ikkje det einaste av sin type og formål. Menneskerettsorganisasjonar identifiserte over 27 fengsel og interneringssenter rundt om i landet drivne av Assad-regimet, der internerte rutinemessig blei torturerte og drepne. Ein syrisk avhoppar, kjend under løyndenamnet Caesar, smugla ut tusenvis av fotografi han hadde teke i desse fengsla som viste lika til dei som hadde vorte torturerte og drepe. Bileta blei lagt fram offentleg i 2020.

Før Assad-regimet fall i desember 2024 blei det halde om lag 14 000 fangar i Saidnayafengselet. I februar 2017 gav ut Amnesty International ein rapport som sa: at mellom 5.000 og 13.000 menneske blei avretta utanomrettsleg i Saydnaya mellom september 2011 og desember 2015. 15. mai 2017 gjentok det amerikanske utanriksdepartementet skuldinga om 50 hemmelege personavrettingar om dagen, skjult ved etterfølgjande kremering på staden.

I kjølvatnet av ein offensiv frå syriske opposisjonsgrupper leidde av Haiʾat Tahrir al-Sham frå slutten av november 2024 og den raske kollapsen til Assadregimet i desember, blei fengselet overteke av regimemotstandarar natt til 7. til 8 desember. Då blei fangane lauslatne,Syrien: Die Insassen von Assads Foltergefängnissen sind frei - Politik - SZ.de, 8. desember 2024, lest 9. desember 2024.Syrien: Rebellen nehmen Foltergefängnis Saidnaja ein, t-online, 8. desember 2024, lest 9. desember 2024.Footage shows people emerging from Assad's notorious prisons, BBC, 8. desember 2024, lest 9. desember 2024. fleire av dei kvinner og barn, mellom anna spedbarn.Syrien: Rebellen nehmen Foltergefängnis Saidnaja ein, t-online, 8. desember 2024, lest 9. desember 2024.Footage shows people emerging from Assad's notorious prisons, BBC, 8. desember 2024, lest 9. desember 2024.

Blant dei som blei frigjevne i desember var fangar som hadde vore fengsla i fleire tiår. Den påstått lengstsitjande fangen, ein syrisk flyvåpenpilot som i ein alder av 26 år nekta ordre om å bomba sivile område i Hama i 1980, sat etter seiande fengsla i 43 år.

Kjende fangar

Zahran Alloush (1971–2015), leiar for den islamistiske syriske opprørsgruppa Jaysh al-Islam Hassan Abboud (d. 2014), syrisk motstandskjempar frå Ahrar al-Sham Abū Muhammad al-ʿAdnānī (1977–2016), talsmann for terrororganisasjonen Den islamske staten Haitham al-Malih, syrisk menneskerettsaktivist Omar Alshogre, syrisk menneskerettsaktivist

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Saidnayafengselet» frå , den 16. april 2025.

Kategori:Rif Dimashq guvernement Kategori:Tortur Kategori:Fengsel i Syria