Peoria er ein by i delstaten Illinois i USA. Byen, som vart grunnlagt i 1691 av den franske oppdagaren Henri de Tonti, har 113 000 ibuarar og hyser fylkessetet for Peoria County. Peoria er den eldste europeiske busetnaden i Illinois.
Byen er kalla opp etter peoria-folket, ei stamme av innfødde som befolka området. Før forbodstida (1920) var Peoria eit sentrum for whisky-næringa i USA. Til 2018 låg hovedkontoret til maskin- og utstyrsprodusenten Caterpillar Inc. i Peoria.
Peoria har ei stor hamn ved Illinois-elva og er handels- og utskipingsenter for eit stort jordbruks-omland som produserer mais, soyabønner og avlar husdyr.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peoria, Illinois» frå , den 19. april 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Illinois