Høgskolen i Telemark (HiT) var ein statleg høgskule i Telemark fylke som blei skipa i 1994 og slått saman med Høgskolen i Buskerud og Vestfold til Høgskolen i Søraust-Noreg i 2016, som no er Universitetet i Søraust-Noreg.

HiT vart skipa 1. august 1994. Høgskulen vart danna gjennom samanslutninga av fire statlege høgskular som ein del av Høgskulereforma i 1994. Desse fire høgskulane var Telemark distriktshøgskole (Bø), Telemark ingeniørhøgskole (Porsgrunn), Telemark lærerhøgskole (Notodden/Rauland), og Telemark sjukepleierhøgskole (Skien). Fellesadministrasjonen til HiT låg i Porsgrunn. Han var ein av 19 statlege høgskular i Noreg, med avdelingar i Bø, Rauland, Notodden og Porsgrunn. HiT hadde om lag 140 studietilbod, om lag 7 000 studentar og 600 tilsette.

4. juni 2015 vedtok styret ved HiT at dei ønskte ein fusjon med Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Fusjonsdatoen vart sett til 1. januar 2016 under namnet Høgskolen i Søraust-Noreg. Den nye høgskolen vart den nest største i Noreg, med om lag 18 000 studentar og 1 500 tilsette. I 2018 vart høgskulen gjort om til Universitetet i Søraust-Noreg.

Fag Høgskulen hadde tillbod om fag- og profesjonsstudier innan almenvitskaplege fag, estetiske fag, helse- og sosialfag og teknologifag på bachelor- og mastergradsnivå, yrkesutdanning i tillegg til etterutdanning

Dei fire avdelingane ved HiT var: Avdeling for allmennvitskaplege fag (Bø) Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning (Notodden/Rauland) Avdeling for helse- og sosialfag (Porsgrunn) Avdeling for teknologiske fag (Porsgrunn)

Kjelder

Bakgrunnsstoff hbv.no

Kategori:Tidlegare høgskular i Noreg Kategori:Bø kommune i Telemark Kategori:Notodden kommune Kategori:Porsgrunn kommune Kategori:Vinje kommune Kategori:Utdanning i Telemark Kategori:Universitetet i Søraust-Noreg Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Nedleggingar i 2016