Kristen Grislingaas () er ein tidlegare handballspelar frå Oslo. Han vart seriemeister fem gongar med Oppsal IF og noregsmeister 1973.

Karriere Klubbspel Grislingaas var aktiv i Oppsal IF frå 1968 til -79 og 1981-83. I tida 1971-78 var han med på å vinne 1. divisjon heile fem gongar. Oslo-laget vann dessutan cupfinalen 1973. To sesongar, 1979-81, var han spelande trenar i Kristiansand IF.

Landslagsspel Grislingaas debuterte på landslaget 24. november 1972. Fram til 2. mars 1979 deltok han 107 kampar og skåra 203 landslagsmål. Etter heller svake kampar mot Austerrike og Israel vart både han og klubbkamerat Geir Røse vraka frå vidare landslagsspel.

Merittar Seriemeister: 1971, 1972, 1973, 1976, 1978 med Oppsal IF Noregsmeister: 1973 med Oppsal IF

Kjelder handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Oslo