Noregsmeisterskapen i handball 1973 for kvinner vart avvikla over sju rundar, medrekna sjølve cupfinalen. Turneringa enda med triumf for Skjeberg Sportsklubb gjennom finalesiger 4–3 mot Sportsklubben Freidig frå Trondheim.
4. runde Borg HK – Vindbjart 9-7 Bækkelaget SK – Glassverket IF 8-7 Freidig – Nordstrand IF 12-6 Gjerpen IF – Kjelsås IL 8-9 Gloppen – Sørskogbygda IL 0-16 Sjåstad IL – Skjeberg SK 9-13 Skogn IL – Brandval IL 4-7 Stabæk IF – Strindheim IL 8-4
Kvartfinalane Brandval – Borg HK 10-6 Kjelsås – Skjeberg 4-6 Stabæk – Bækkelaget 8-9 Sørskogbygda – Freidig 7-9
Semifinalane Bækkelaget – Freidig 5-6 Skjeberg – Brandval 9-8
Finalen Finalen vart avvikla utandørs på Rosenborg-bana i Trondheim sundag 9. september 1973, framfor 222 betalande tilskodarar «under meget ufyselige forhold». Skjeberg skåra 2 mål før pause og leia 2-0. I den andre omgangen auka laget leiinga til 4-1, før heimelaget reduserte til 3-4, som vart sluttresultatet.
Bjørg Andersen skåra 2 mål for Skjeberg, Liv Aamodt og Tove Wenneberg kvar sitt. Inger Johanne Tveter var kaptein på laget og Eldbjørg Willassen stod ein god kamp i mål.
Kjelder Sportsboken 73. Dreyer Stavanger. 1973 Sarpen 10. september 1973
1973 Kategori:Noregsmeisterskap i 1973 Kategori:Handball i 1973 Kategori:Idrettstilskipingar i Trøndelag