Noregsmeisterskapen i handball 1972 for menn vart avvikla over sju rundar, medrekna sjølve cupfinalen. Turneringa enda med triumf for Fredensborg gjennom finalesiger 15–10 over Oppsal Idrettsforening.

4. runde Bækkelaget SK – SK Wing (walkover) Elverum IL – Refstad IL 11-16 Nordstrand IF – Oslo Idrettslag 8-18 Nornen – Rjukan IL 6-11 Oppsal IF – Strindheim IL 11-6 Reistad IL – Arild 21-17 Stabæk IF – SK Njård 10-18 Åssiden IF – Fredensborg 10-19

Kvartfinalane Bækkelaget – Fredensborg 18-19 Oppsal – Refstad 13-12 Reistad – Oslo Idrettslag (protest) Rjukan – Njård 12-19

Semifinalane Fredensborg – Njård 16-15 Oppsal – Reistad 14-13

Finalen Finalen vart avvikla utandørs på Voldsløkka i Oslo tysdag 26. september 1972. Fredensborg var det førande laget i kampen, leia 8–7 ved pause. Utover i den andre omgangen auka laget til 12–10. Etter ytterlegare tre nettkjenningar stod det til slutt 15–10, fordel Fredensborg.

Fredensborg-måla kom frå Arve Moen (8), Inge K. Hansen (4), Jon Reinertsen (2) og Rolf Bergstrand (1).

For Oppsal skåra Torstein Hansen (4), Geir Røse (3), Terje Simonsen, Kjell Johansen og Allan Gjerde eitt mål kvar. Pål Bye vakta målet.

Kjelder Sportsboken 72. Dreyer Stavanger. 1972 Arbeiderbladet 27. september 1972

1972 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo Kategori:Noregsmeisterskap i 1972 Kategori:Handball i 1972