Paul Chambers er ein akademikar frå USA og tidlegare forelesar ved det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Naresuan-universitetet i Phitsanulok i Thailand. Han mista jobben ved universitetet etter å ha vorte meld for majestetsfornærming for ein artikkel han skreiv som stod på nettstaden til det Singapore-baserte ISEAs–Yusof Ishak Institute.

Saka vart lagd bort av påtalemakta, truleg for å unngå diplomatiske problem under handelssamtalane mellom Thailand og USA. Den hadde likevel, ifølgje den engelskspråklege thailandske nettvisa The Thaiger, allereie utløyst ein debatt om akademisk fridom og behandling av utanlandske akademikarar i Thailand.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Samfunnsvitarar Kategori:USA-amerikanske akademikarar