K.K. Lien & Co. var ein produsent av landbruksmaskinar som heldt til på Tromøy i tidlegare Aust-Agder fylke. Dei produserte mellom anna plogar og horver, og rattkjelkar. I 1955 tok dei til å produsera hydrauliske frontlastarar, og dei produserte festebrakettar for ei rad med ulike traktorar, BM-Volvo, David Brown, International Harvester, John Deere, Same, Zetor, etc. og vart utbreidde i heile landet. Lien var den største frontlastarprodusenten i Noreg og på 1960- og 1970-talet produserte dei rundt 2000 frontlastarar i året. Den viktigaste forhandlaren var Felleskjøpet, som hadde agenturet på BM-Volvo. Felleskjøpet selde òg dei svenskae Ålø-lastarane, og Felleskjøpet tok initiativert til å innføra ei snøggkopling som var tilpassa både Liens og Ålø. Lastarane vart òg eksporterte til Sverige, Danmark og Nederland. I 1987 gjekk føretaket konkurs.

Referansar R. Heieren, Norske frontlastere i hopetall, Traktor, 28. desember 2023.

Kategori:Tidlegare jordbruksreiskapprodusentar Kategori:Norsk industrihistorie Kategori:Tidlegare norske føretak Kategori:Føretak nedlagde i 1987 Kategori:Tidlegare frontlastarprodusentar