Bornholms Kunstmuseum er eit dansk kunstmuseum ved Helligdomsklipperne seks km nord for Gudhjem på Bornholm. Museet blei grunnlagt i 1893 i Rønne som ein del av Bornholms Museum. Sidan 1993 har museet vore sjølvstendig i nyoppførte bygningar.20 års fødselsdag - presse meddelelse af Bornholms Kunstmuseum.

Museet har ein stor samling av bornholmsk kunst frå byrjinga av 1800-talet til i dag, i tillegg til ei stor samling kunsthandverk som keramikk og glas. Samlinga er konsentrert om kunst med relasjon til Bornholm og med særleg fokus på verk av Bornholm-målarane som Oluf Høst, Olaf Rude, Karl Isakson og Niels Lergaard.

Den 4000 m² store museumsbygningen, som blei innvigd i 1993, er teikna av arkitektfirmaet Fogh og Følner Aps. Denne verksemda teikna òg ei utviding av museet som blei innvigd i 2003. Samlinga er eigd og driven av Bornholms Museumsforening, medan bygningane tilhøyrer Bornholm regionkommune. Drifta blir sponsa av ei rekkje verksemder; hovudsponsor var Danske Ferjer A/S mellom 2006 og 2010. Bygginga av museet blei m.a. støtta av ei rekkje fond: Sparekassen Bornholms Fond, Fonden Realdania, A. P. Møller og hustru Chastine Mærsk Mckinney Møllers Fond til almene Formål, Augustinus Fonden, Frimodt-Heineke Fonden, Knud Højgaards Fond, NordeaDanmark Fonden, Tømmerhandler Johannes Foghs Fond og Aase og Ejnar Danielsens Fond.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bornholms Kunstmuseum» frå , den 18. mai 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bornholm Kategori:Skipingar i 1893 Kategori:Kunstmuseum i Danmark