Johan Ernst Mejdell () var ein norsk jurist og stortingsmann, fødd i Nordre Land.
Mejdell var son til ein sorenskrivar. Sjølv var han overrettsprokurator i Vang i Valdres, seinare i Fredrikstad. Frå 1825 var han sorenskrivar i Ringerike.
Mejdell representerte Kristians amt i 1818-Stortinget og valkrinsen Fredrikstad i 1824-stortinget. I 1818 var han sekretær i Odelstinget og medlem i 5 komitear, mellom dei sekretær i Revisjonskomiteen. I 1824 var han sekretær i Lagtinget og medlem i Tollkomiteen og komiteen om kjøpstadskatt.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Folk frå Nordre Land