Christoffer Rambo () er ein norsk handballspelar frå Sandefjord. Han er høgre rykkromspelar.

Karriere Klubbspel Rambo spelte på IL Runar sitt lag frå 2006. Her vart han toppskårar då laget vann NM-finalen 2008. Sommaren 2010 fekk han kontrakt med spanske BM Valladolid. Etter eit traudig år i Spania, byrja han spele for Elverum IL. Her vart han sesongen 2011/12 skyttarkonge med 143 fulltreffarar i eliteserien. Sidan spelte han frå sommaren 2012 for franske Dunkerque. Deretter gjorde han teneste i tyske GWD Minden frå november 2013. Fram til våren 2021 skåra han 931 mål for Minden i Bundesliga og 197 mål i tysk andredivisjon. Sidan sommaren 2021 har han spelt for IL Runar. Med 156 fulltreffarar vart han skyttarkonge i eliteserien 2022/23.

Landslagsspel Rambo landslagsdebuterte under Handball-VM 2009 i Kroatia. Fram til 2016 var han jamt med i landslagstroppen, fekk sidan berre nokre få kampar for Noreg. Han deltok i sin 101. og siste kamp i landslagsdrakta 4. januar 2024, då Danmark og Noreg spelte uavgjort. Rambo skåra 218 landslagsmål, 10 av desse kom mot Makedonia 3. november 2011.

Kjelder

handball.no

Denne artikkelen bygger på «Christoffer Rambo» frå , den 26. mai 2025.

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Sandefjord