mini|portrett=1.5|Ein illustrasjon av dei fire sidene av Narsaq-staven av runologen Lisbeth M. Imer. Narsaq-staven er ein furustav innskriven med runesymbol som er tidfesta til rundt år 1000. Staven blei oppdaga i Narsaq på Grønland i 1953. Han blei raskt identifisert som eit viktig funn, sidan han var den fyrste runeinnskrifta frå vikingtida som var oppdaga på Grønland. Stykket har to setningar med tvitydig og uklar runetekst. Ei framlagt tolking av den fyrste setninga er ‘Den som sat på eit kar såg eit kar’ medan ein annan er ‘Over havet, havet, havet er bakhaldet til æsene’. Den andre setninga refererer til ei jente som heiter «Bibrau» som kanskje sit på himmelen. Runebokstavane er kortkvistruner som er skorne inn på ei side av stokken. Endå ei anna sida har fleire nøye utskorne symbol med uklare tydingar, kanskje løyndruner eller ei form for telling.

Forskarar har foreslått ulike moglege formål for stokken. Det kan vera nokså kvardagslege formål, som at teksten er eit ordspel, ei pedagogisk øving i runisk tvitydigheit eller ei gåte. Magiske og religiøse formål er òg blitt foreslått, med staven som ei heidensk bøn om verne mot farene til havet eller kanskje eit tilfelle av kjærleiksmagi. Ein har foreslått ulike parallellar, særleg med runeinskripisjonar frå Bergen i Noreg.

Oppdaging og arkeologisk kontekst mini|Staden der Narsaq-staven blei funnen. Eit informasjonsskilt fortel om dei arkeologiske utgravingane. Sport etter gammal busetjing i Narsaq blei oppdaga av Aage Roussell i 1935. Staden blei sett under konservasjonsordre, men i 1945 blei avgrensingane oppheva, løynt, sidan ei overflateundersøking av ruinane ikkje hadde indikert at dei var særleg verdifulle. I 1953 samla ein lokal mann, K. N. Christensen, jord til dyrking på ruinområdet. Han oppdaga gjenstandar av bein og tre i jorda, inkludert ein runestav. Christensen slutta å grava og sende gjenstandane til Det danske nasjonalmuseet.

Sommaren 1954 utførte arkeologen Christen Leif Pagh Vebæk utgravingar i området og fann ulike leivningar, mellom anna pilspissar som kunne daterast til den eldste perioden av nordiske busetnad på Grønland. Det blei gjort fleire utgravingar i 1958 og 1962, og mindre studiar i tida 1998-2005. Radiokarbonalyse på området bekrefter at det eldste laget kan daterast til kring 1000. Staven blei funnen midt i buområdet på garden. Det er funne fem andre objekt på staden med runesymbol, alle med innskrifter som er korte og vanskelege å tolka.

Narsaq-staven var den fyrste runeinnskrifta frå vikingtida som blei funnen på Grønland. I 1961 skildra runologen Erik Moltke funnet som epokegjerande og viktigare enn til og med Kingittorsuaq-steinen.

Skildring Furustokken er naturleg i utforming og berre litt bearbeidd. Erik Moltke har hevda at han må ha blitt utskoren i Grønland, sidan berre ein runeskjerar eit trefattig land ville ein gå med på å bruk slikt eit dårleg stykke tre. Då stokken blei funnen var han broten i to stykke, men dette gjorde ikkje store skadar på runene. Stokken blei seinare limt saman igjen. Han har ei lengd på 42,6 centimeter, og breisidene måler 2,4 centimeter på breiaste.

Dei fire sidene blei kalla A, B, C og D av Moltke. Sidene A og C er dei breisider og sidene B og D er smale sider. Side A har ei innskrift med språkleg innhald og side C har noko som ser ut som løyndruner . Begge er elegant utskorne. Side B har runer i det yngre fuþark-alfabetet. Ho har same type runer som side A, men kan ha vore skorne ut av ei mindre kyndig hand. Nokre ekstra merke på to av sidene verker å berre vera skribling eller prøvar. Innskrifta på side A nyttar kortkvistruner , men forma på runa s er uvanleg, ho har forma som vanlegvis blir brukt for runa R.

Runene på side A dannar tilsynelatande to setningar som kvar startar med eit ×-teikn. Innskrifta lyd slik: : × ą : sa : sa : sa : is : ąsa : sat × bibrau : haitir : mar : su : is : sitr : ą : blanị Den siste i-en er usikker, og det er mogleg at noko er gått tapt i enden.

Den fyrste setninga høgre|mini|Den tvitydige fyrste setninga:ą : sa : sa : sa : is : ąsa : sat med ein uvanleg type s-une. Den fyrste setninga (ą : sa : sa : sa : is : ąsa : sat) er svært tvitydig. Runisk sa kan stå for ei rekkje ulike norrøne ord, som pronomenet sá (‘den der’), verbet sá (‘såg’) og substantivformene sá (k‘ar’) og sæ (‘sjø’). Det er likskap mellom denne setninga og runeinnskrifter frå Noreg, særleg B 566 frå Bergen, med ein del som ein les huatsasaerisasasiksasaerisasa og som er blitt tolka som ‘Kva såg han som såg inn i badet? Han såg seg sjølv, han som såg i badet’ (Hvat sá sá, er í sá sá? Sik sá sá, er í sá sá). Tekster som liknar B 566 finst òg på B 617 frå Bergen og A 162 frå Trondheim, og det finst òg ein mogleg parallel på eit bein oppdaga i Sigtuna i Sverige i 1995.

Ei tolking av den fyrste setninga på Narsaq-staven som eit ordspel på homonym blei fyrst lagt fram av Jón Helgason, som tolka setninga til å tyda ‘Den som sat på eit kar såg eit kar.’ Denne tolkinga er blitt kalla «særs overtydande» og «det mest tiltalende.»

Det er også lagt fram andre tolkingar. Erik Moltke tok den fyrste setninga til å bety ‘På sjøen, sjøen, sjøen er bakhaldet til æsene.’ (Á sæ, sæ, sæ es Ása sát), og viste at havet kan svika einkvan som ikkje får hjelp frå gudane. Helgi Guðmundsson føreslo vidare at gudane det var snakk ville vore Ægir og Rån, og at sát skulle forståast som ‘bustad’. Eit anna framlegg av Ólafur Halldórsson: ‘Den som ikkje såg havet, såg havet’. I denne tolkinga er setninga ei gåte med svaret 'mirage' i den andre setninga.

Den andre setninga høgre|mini|portrett=1.5|Den andre setninga: bibrau : haitir : mar : su : is : sitr : ą : blanị. The a and b A og b-runene har bytt plass i forhold til meir vanleg bruk av kortkvistruner. Den andre setninga (bibrau : haitir : mar : su : is : sitr : ą : blanị) kan ein for det meste lesa rett fram, men det fyrste og siste ordet er vanskelege. Setninga kan tolkast som "bibrau er namnet til jomfrua som sit på blanị" (bibrau heitir mær sú es sitr á blanị). Ordet eller namnet bibrau er ikkje kjent frå andre stader. Moltke tok den første komponenten til å vera bif- (‘rørsle’ eller ‘skjelving’) som i Bivrost og gav Bifrau, Bifrey og Bifró som moglege former. b-runa blir då brukt for ein lyd som ofte er representert av f -runa. Dette er ein relativt arkaisk funksjon, som ein har funne i nokre nordatlantiske innskrifter som Ballaugh-steinkrossen frå øya Man. Ólafur Halldórsson føreslo at innskrifta var Bifbrá som han tolka som ‘luftspegling’, som islandsk tíbrá og færøysk lognbrá og for å svara på det han såg som ei gåte i den fyrste setninga. Helgi Guðmundsson såg Bifrǫ́ som det mest sannsynlege alternativet og understrekar at norsk og svensk rå er eit ord for vetter eller mytiske vesen.

Slutten på ordet blanị er usikker, og Moltke føreslo blanum so ein rekonstruksjon. Han tok dette for å vera dativ av Bláinn, eit av namna på den urgamle kjempa som ein hadde nytta skallen frå til å laga den blå himmelen av. Tydinga vil då vera at møya sit på den blå himmelen. Helgi Guðmundsson argumenterer for at det forventa datatvet av Bláinn er Bláni og at dette passar godt med det ein kan sjåa av runeordet. Tydinga ‘blå himmel’ er blitt teken imot, med ei viss nølring, av fleire lærde. Eit alternativt forslag av Jón Helgason er å ta blanị som representasjon for blánni, den dative eintalsforma for blá (‘dam’ eller ‘myr) med artikkelen som suffiks. Jón føreslår dette med atterhald om at dette er ei ganske tidleg innskrift for ein suffiksartikkel til å opptre.

Moglege løyndruner høgre|mini|portrett=1.5|Inskripsjonen på sida C av Narsaq-staven som presentert av Bernard Mees. Side C av stokken er nøye utskoren med 49 teikn ved hjelp av same teknikk som på A-sida. Rekkja byrjar med fire tilsynelatande normale runer, aaal, men held fram med eit gjenteke symbol med utsjånad som ei binderune som er danna av k og ein omvendt opp-ned k. Desse symbola er delte inn i grupper med eittpunkts skiljeteikn. I midten av linja finst det igjen nokre normale runer, aaaaa, følgd av fleire binderuner av same type. Ein veit ikkje kva denne rekkja symbol tyder. Moltke samanlikna utskjeringa med kjende system med koda runer basert på prinsippet om å dela runealfabetet i tre grupper (ættir) og referera til kvar rune med talet av gruppa og plasseringa hennar i gruppa. Han kunne ikkje koma fram til ei tolking på denne måten. Likevel hevda Moltke at symbola er skorne og organiserte med så stor omhu at dei må ha ein tyding. Marie Stoklund har på liknande måte vis kommentert at «Inskriptionen er ikkje blitt dekoda endå, sjølv om det ser ut som om det burde tyda noko.» Jonas Nordby er mindre sikker på at utskjeringane er baserte på eit siffersystem, og føreslår at dei kan vera ei form for teljing.

Formål og parallellar Erik Moltke såg på Narsaq-staven som ein heidensk gjenstand med religiøs eller magisk betydning. I hans tolking er møya Bifrau eit godvilja mytologisk vesen og kanskje ein asterisme. Ho blir kalla på for å få vern på det svikefulle havet. Kjerna av magien kunne vera innkoda i løynderunene, som kunne innehalda namnet til runemeisteren eller eit magisk ord. Helgi Guðmundsson har påpeikt at ei jomfru som sat på himmelen minner om kristne idear, men at dette ikkje verker å kasta noko lys over teksten. Han føreslo òg ein likskap med teikn frå eddadiktet Vavtrudnesmål: «Hræsvelgr heiter han som sit på enden av himmelen».

I tillegg til andre inskripsjonar med ordspel på sá, har forskarar peika meir generelt på innskrifter og manuskripttekster som inneheld gjentekne s+vokalelement. To runepinnar frå Bergen (B 524 og B 404) inneheld s+vokalformler ved sida av referanser til attraktive kvinner. Dette er blitt sett som ein parallel til «møya» og gjentekne sa på Narsaq-staven. Forskarar har spekulert at det var ei form for kjærleiksmagi. Det finst òg obskure tilfelle av s+vokal-repetisjonar i manuskripttekstar, inkludert sisisill bivivill i eit manuskript av Den ynre Edda og sa sa sa sa sa salutem in domino sa i eit manuskript frå Bergen.

Jón Helgason har føreslått at staven kan ha hatt ein pedagogisk funksjon med ei innskrift som var meint å illustrera tvitydigheita i runeskrift. Han la fram eit spøkefullt forslag om at skjeraren var Erik raude sjølv og at eleven var sonen hans Leif, og har lagt fram ein tenkt samtale mellom dei to.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Narsaq stick» frå , den 29. mai 2025. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Gjenstandar frå 1000-talet Kategori:Runeinnskrifter Kategori:Arkeologiske funn på Grønland Kategori:Oppdagingar i 1953 Kategori:Utvalde artiklar 2025