Noregsmeisterskapen i handball 1982 for menn vart avslutta då Fredensborg/Ski forsvarte NM-tittelen gjennom Fjellhammer Idrettslag frå Lørenskog med siffera 28–18.

Finalen Finalen vart avvikla i Lørenskoghallen i Akershus sundag 19. desember 1982 framfor om lag 1300 tilskodarar. Fredensborg/Ski gjekk opp i 3–1, før heimelaget snudde til 6–4. Deretter kom ein god periode for tittelforsvararane, som ved pause leia 11–8. 13 minutt ut i andre omgang var Fredensborg/Ski oppe i timålsleiing. Trass i «frimerke» mot Helland og Pettersen resten av kampen, makta ikkje Fjellhammer truge sigeren og det vart tap 18–28 for heimelaget.

Tor Edvin Helland vart toppskårar i finalen med sine 10 fulltreffarar for Fredensborg/Ski. Elles skåra Ronald Johnsen 6, Gunnar Pettersen 4, Jon Reinertsen 3, Terje Aas 2, Oddvar Jacobsen, Trond Skjøld, Truls Knutsen, 1 alle. Stein Tyrdal var målvakt.

Fjellhammer-måla kom frå Kåre Ohrvik 6, Sverre Bjerkeli 3, Kjetil Wold, Ulf Linås, Asbjørn Hagenes, 2 alle, Sten Osther, Espen Olsen, Roger Mathisen, eitt kvar,

Dommarane Svein Ekra og Tore Schjerven straffa Fjellhammer med 6 tominutts-utvisingar og Fredensborg/Ski med 4.

Kjelder Østlandets Blad, 20. desember 1982

1982 Kategori:Idrettstilskipingar i Akershus Kategori:Noregsmeisterskap i 1982 Kategori:Handball i 1982