Noregsmeisterskapen i handball 1974 for menn enda med triumf for Fredensborg Ski- og Ballklubb frå Oslo gjennom å vinne over byrival Refstad Idrettslag med 13–12. Finalen var den siste utandørsfinalen i noregsmeisterskapen i handball. Etter kampen meinte Refstad-spelaren Harald Tyrdal at «Ute-NM i håndball [har] ingen verdi» og ein tok finalen som trening.
Finalen Finalen vart avvikla på Voldsløkka i Oslo sundag 8. september 1974. Kampen vart spelt på ei glatt bane og kom til å verte prega av hardt spel. Fredensborg leia 8–6 ved pause. Gjennom den andre omgangen styrte mannskapet inn mot eittmåls-siger, 13–12.
Måla
Fredensborg: Finn Urdal 3, Rolf Lundberg 3, Arve Moen 3, Jon Reinertsen 2, Trond Egil Stern 1, Inge K. Hansen 1. Per Søderstrøm vakta målet.
Refstad: Ulf Magnussen 3, Per Otto Furuseth 2, Sven Tore Jacobsen 2, Rune Sterner 2, Harald Hegna 1, Runar Holen 1, Morten Algarheim 1.
Kjelder Arbeiderbladet, 9. september 1974
1974 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo Kategori:Noregsmeisterskap i 1974 Kategori:Handball i 1974