Dimna Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Ulstein kommune på Sunnmøre. Laget vart stifta 3. desember 1974 av folk frå øya Dimna. I dag har laget aktivitetar på Dimna grendahus, Høddvoll stadion og Ulsteinhallen. I 2023 hadde Dimna IL 299 medlemer, av dei om lag 150 aktive. Utøvarane tevlar i grøne trøyer og svarte bukser.
Dimnas mest kjende utøvar er Karsten Warholm; olympiameister, verdsmeister, europameister, noregsmeister og verdsrekordhaldar på 400 meter hekk. Også Lovise Skarbøvik Andresen har vorte norsk meister.
Kjelder
Om oss ved dimna.no
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ulstein kommune Kategori:Idrettslag i Møre og Romsdal Kategori:Skipingar i 1974