Masseskytinga i Oslo 2022 var eit terroråtak som fann stad i Oslo sentrum 25. juni 2022, der to personar vart drepne og minst 21 skadde. Hendinga var retta mot LHBT+-personar i forkant av Oslo Pride, og vert dermed rekna som hatkriminalitet.
Skytinga skjedde på C.J. Hambros plass i Oslo. Klokka 01:13 natt til 25. juni vart det skote mot utestaden , og deretter mot . Også konsertscena og eit gatekjøkken like ved vart råka av skot. London Pub er ein populær møteplass for LHBT+-miljøet og deltakarar i Pride, og dei andre åstadene ligg tett ved.
Norsk-iranaren Zaniar Matapour vart pågripen kort tid etter, og politiet etterforska saka som terrorisme. I tillegg er den kjende islamisten Arfan Bhatti sikta for medverknad til terrorhandling.https://www.nrk.no/nyheter/arfan-bhatti-etterlyst-etter-skytingen-ved-london-pub-1.16114496
Som følgje av åtaket vart arrangementet Oslo Pride avlyst.
Åtaket Skytinga fann stad frå klokka 01:10 til om lag 01:15 natt til laurdag 25. juni 2022 i Oslo sentrum. To personar vart skotne og drepne ved musikkbaren Per på hjørnet, som ligg på hjørnet mellom C.J. Hambros plass og Rosenkrantz’ gate. Deretter heldt skytinga fram mot London Pub på C.J. Hambros plass. Puben har tilknyting til LHBT+-miljøet i Oslo. I tillegg til dei to drepne vart 21 personar skadde.
Politiet kom raskt til staden, og fem minutt seinare var gjerningspersonen pågripen. Han vart overmanna av sivile som heldt han fast til politiet tok over.
Under etterforskinga tok politiet høgd for at dette var eit terroråtak retta mot LHBT+-personar, i samanheng med at Pride-festivalen gjekk føre seg og at Oslo Pride skulle gjennomføra parade laurdag føremiddag. På ein pressekonferanse 25. juni sa politiet at ei av hypotesane i etterforskinga var at skytinga kunne reknast som hatkriminalitet mot LHBT+-personar. Dagbladet melde om eit vitne som høyrde gjerningspersonen ropa «Allahu akbar» rett før han opna eld.
Nestleiaren i , Nikita Amber Abbas, hevda at ho vart treft av eit skot. Nokre aviser skreiv om dette, men avpubliserte seinare på grunn av manglande dokumentasjon.«Vi kan ikke bare feie oppdiktede historier under teppet», Erik Stephansen, politisk redaktør i Nettavisen, 17. oktober 2022
Reaksjonar miniatyr|Sørgjande la ned blomar med regnbogeflagg ved baren Herr Nilsen om føremiddagen 25. juni 2022. Som følgje av åtaket vart arrangementet Oslo Pride avlyst etter råd frå politiet. I ei kunngjering frå Slottet gav kong Harald uttrykk for forferding, og oppmoda til samhald rundt verdiane «frihet, mangfold og respekt for hverandre». Han understreka òg at alle bør stå opp for at alle i landet skal kunne kjenna seg trygge.
Politiet innførte mellombels nasjonal væpning etter hendinga, og PST heva trusselnivået til «ekstraordinært».
Trass åtvaringar deltok fleire tusen personar same dag i ein spontan parade og la ned blomar ved London Pub, Per på hjørnet og Herr Nilsen. Etter noko normalisering opna politiet for at representantar frå kongehuset og politiske myndigheiter, og etter kvart andre, kunne koma tett på åstadene for å visa omtanke og refleksjon.
Under leiing av biskop Olav Fykse Tveit vart det søndag 26. juni halde ei sørgegudsteneste i Oslo domkyrkje. Blant dei som deltok var statsminister Jonas Gahr Støre og kronprinsessa. Kronprinsen måtte melda forfall etter å ha fått påvist korona.Kronprinsparet deltar i sørgegudstjeneste, 2022-06-25. Kronprinsen måtte melde avbud etter å ha fått påvist korona.
Politiet oppmoda òg i dagane etter om å avlysa større arrangement av eller for det skeive miljøet, med grunngjeving i ein uoversiktleg trusselsituasjon. Det vart ikkje opplyst om dette gjaldt mogleg oppfølgjande åtak, kopieringsåtferd frå uventa hald, eller at vakthald ville svekkja etterforsking og beredskap. Detaljar vart ikkje delte, og nokre arrangement vart avlyste eller utsette etter råd frå politiet.
Bjarne Finsrud overmanna gjerningsmannen med fare for eige liv, og vart i 2024 tildelt medaljen for edel dåd i gull. Elleve andre personar vart tildelte medaljen i sølv.
Straffesaka
miniatyr|Zaniar Matapour fotografert på ein serveringsstad i Oslo ca. klokka 16:10 den 24. juni 2022. Zaniar Matapour (fødd 1979) vart arrestert og sikta for terror. Han er ein norsk statsborgar som opphavleg er frå den kurdiske delen av Iran. Han kom til Noreg som flyktning saman med familien då han var barn. Matapour var tidlegare straffa, mellom anna for ei knivstikking på 1990-talet.
PST opplyste at dei i mai 2022 gjennomførte samtalar med Matapour fordi han hadde vist interesse for markeringar og ytringar som kunne opplevast som krenking av islam. Det vart då ikkje vurdert at han hadde voldsintensjon, men PST visste at han hadde utfordringar knytte til psykisk helse. Han vart ikkje vurdert som blant dei mest bekymringsfulle personane.
Advokaten til Matapour, John Christian Elden, sa at det «slett ikkje [var] sikkert at det ligg noko motiv bak». Mora hans forklarte at han tidlegare var diagnostisert med paranoid schizofreni.
I bustaden hans vart det funne fleire våpen, mellom anna eit heilautomatisk skytevåpen.Der Spiegel: Ermittler stufen Anschlag von Oslo als islamistischen Terror ein – Polizisten sollen landesweit Waffen tragen, 2022-06-25, ISSN 2195-1349
Den 10. november 2023 vart Matapour tiltalt for grove terrorhandlingar, med ei strafferamme på 30 år. Den 4. juli 2024 vart han dømd til 30 års forvaring, med 20 års minstetid, og dømd til å betala til saman 112 millionar kroner i erstatning til dei fornærma. Straffeutmålinga og dei sivile krava vart anka.
Tilknyting til anti-LHBT-retorikk Fleire har sett åtaket i samanheng med hets mot LHBT+-personar og Pride i sosiale medium før åtaket. Ifølgje NRK hadde Matapour vore i kontakt med Arfan Bhatti, ein islamistisk ekstremist med fleire voldsdommar. Den 14. juni hadde Bhatti delt eit bilete av eit brennande regnbogeflagg på Facebook, saman med sitat om drap på homofile. Bhatti er ein leiarskikkelse i den ekstremistiske grupperinga , som har rekruttert personar til kamp for IS i Syria.
Leiar for og Amnesty International sette åtaket i samanheng med eit mønster av auka angrep på LHBT-personar og Pride i Noreg og Europa – både i lukkede ekstremistiske nettforum og i opne sosiale medium. Thorleifsson sa:
I talen sin under minnemarkeringa for terroråtaka 22. juli 2011 sa statsminister Jonas Gahr Støre:
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Masseskytingen i Oslo 2022» frå , den 15. juni 2025.
Bakgrunnsstoff Siste nytt fra skyting ved utested i Oslo sentrum hos NRK Rapport fra 25. juni-utvalget : Evaluering av PST og politiet
Kategori:2022 i Noreg Kategori:LHBT Kategori:Hendingar i Noreg