Chaetocercus er ei biologisk slekt av kolibriar i stammen Mellisugini, «bikolibriar». Dette er seks artar som har ei samla utbreiing i nordvestre Sør-Amerika og på Trinidad og Tobago. Utbreiingsområda deira ligg hovudsakleg i fjellregionar langs Andesfjella og nærliggande område, frå Trinidad og det nordlege Venezuela sør til det sentrale Bolivia.

Det maskuline slektsnamnet Chaetocercus kjem frå gresk khaitē som tyder ‘hår’ og kerkos som tyder ‘hale’, altså «hårete hale».

Kjenneteikn

Kolibriane i denne slekta er svært små, 5,5 til 8,5 centimeter lange der hannfuglar er ca. 1 cm lengere enn hoer. Dei har kort, rett eller svakt bøygd nebb og to kvite sideflekker på undersida som er forbunde med ei linje over dei stjertdekkande fjørene. Hannane har ein skinande raudfiolett strupeflekk kanta av eit kvitt, grått eller beige brystband, grøn overside og anten grøne eller kvite undersider. Hoene har mørkebrune øyrefjører og ei lang, lys stripe bak auga, grøn overside og beige eller kvit underside. Hannane har ein kløyvd stjert med svært smale fjører, medan hoene har ein kortare og noko avrunda stjert. Flukta deira er målretta og minnar om humler.

Systematikk

Slekta Chaetocercus vart føreslått av den britiske zoologen George Robert Gray i 1855. Typearten, som først vart definert ved monotypsi, var Ornismya jourdanii, no kjend som Chaetocercus jourdanii, rustskaftkolibri.

Artsoversyn Slekt Chaetocercus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Autor Utbreiing Status140pxKvitbukkolibriChaetocercus mulsant(), 184380px140pxPygmékolibriChaetocercus bombus, 187180px140pxKnøttkolibriChaetocercus heliodor(), 184080px140pxSantamartakolibriChaetocercus astreans(), 189980px140pxEsmeraldaskolibriChaetocercus berlepschi, 189980px140pxRustskaftkolibriChaetocercus jourdanii(), 183980px Kjelder

Første versjon av denne artikkelen var basert på «Chaetocercus» frå , den 21. juni 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Fuglar i Sør-Amerika Kategori:Fugleslekter