Marit Bratberg Lund () er ein norsk fotballspelar frå Ilseng i Stange, som spelar for den portugisiske klubben SL Benfica og det norske landslaget.
Klubbkarriere
Fart (2013–2014) I 2012 søkte Fotballaget Fart om dispensasjon til den då 14 år gamle Lund om å spele i Toppserien, fordi dei meinte ho var god nok trass i at ho var for ung. Men NFF avslo førespurnaden.
I 2013 spelte Lund for Fart i 1. divisjon, etter at dei hadde rykka ned frå Toppserien. Fyrste halvdel av 2014-sesongen skåra ho seks mål på 12 kampar for Fart i 1. divisjon.
Kolbotn (2014–2020) I september 2014 signerte Lund for Kolbotn. Ho debuterte for Kolbotn og i Toppserien den 21. september 2014, i ein heimekamp mot Røa.
Totalt spelte ho 98 kampar og skåra 15 mål for Kolbotn i Toppserien.
Sandviken og Brann (2021–2024) Den 17. desember 2020 signerte Lund for . I hennar fyrste sesong var ho med å vinne klubben sin fyrste seriemeisterskap. Med 13 målgjevande og 7 mål frå sin venstre vingbackposisjon var ho ein viktig bidragsytar til gullaget. Ho blei kåra til «årets spelar» i både i den offisielle kåringa, av . og under .
Før cupfinalen 2021 mot Vålerenga, hadde Lund aldri bomma på eit straffespark i sin seniorkarriere, men ho bomma frå straffemerket i cupfinalen som Vålerenga vann 2–1.
Før 2022-sesongen blei Sandviken ein del av Sportsklubben Brann; dette året vann Lund «» med klubben.
I 2023 blei Lund av TV 2 kåra til «årets forsvarsspelar» i Toppserien.
Benfica (2024–) Den 24. juli 2024 vart det kjent at Lund hadde signert for den regjerande portugisiske meisteren Benfica.
Landslagskarriere Lund har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.
I 2021 reagerte fleire fotballekspertar på at Lund ikkje fekk sjansen på A-landslaget, trass i at ho var blant dei beste spelarane i Toppserien.
Lund blei tatt ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i august 2022, i det som var den fyrste troppen til Hege Riise som landslagssjef. Ho debuterte då ho startet VM-kvalifiseringskampen heime mot , den 6. september 2022. Lund blei tatt ut i sin fyrste meisterskapstropp med A-landslaget til VM i Australia og New Zealand 2023.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marit Bratberg Lund» frå , den 1. juli 2025.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Benfica-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Fart-spelarar Kategori:Kolbotn-spelarar Kategori:Sandviken-spelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Stange