Maya Le Tissier () er ein engelsk fotballspelar som spelar for og på det engelske landslaget.
Klubbkarriere St. Martins A.C. Le Tissier vaks opp på øya Guernsey i den engelske kanalen. Ho byrja å spele fotball då ho var fire år gammal. Ho spelte då med gutane i den lokale klubben St. Martins A.C., der faren hennar var trenar. Det eksisterte ikkje lag for jenter på øya, så frå ho var tretten år gammal byrja ho å fly til Hampshire for å spele med regionslaget to gongar i månaden. Etter to år slutta ho med det og gjekk tilbake til å spele for St. Martins, slik at ho kunne bruke meir tid på skule.
Brighton & Hove Albion Den 1. juli 2018 signerte Le Tissier med akademiet til den engelske klubben , som spelte i den øvste divisjonen. Ho blei raskt ein del av fyrstelaget, og var ubrukt reserve i ein kamp mot den 25. november 2018. Den 5. desember fekk ho sin debut på A-laget, og spelte 90 minutt i ein ligacupkamp mot , som enda i en 5-1-siger til Brighton. Fire dagar seinare starta ho for fyrste gong i serien, mot . Ho skåra sitt fyrste mål i ein seriekamp mot 9. mai 2021, ein kamp Brighton vann 3-1. Ho blei utnemnd til sesongens beste unge spelar for Brighton i både 2020-21- og 2021-22-sesongen. Ho blei også nominert til PFA Women's Young Player of the Year i juni 2022
Manchester United Den 20. juli 2022 skreiv Le Tissier under på ein treårskontrakt med . Med eitt år igjen på kontrakten hos Brighton, fekk klubben ein løslatelsesklausul som blei rapportert til å vere på mellom 50 000 og 60 000 pund. Ho debuterte den 17. september 2022 og skåra to mål i ein 4-0-siger mot .
Landslagskarriere Guernsey Le Tissier blei historisk då ho var den fyrste kvinnelege spelaren til å spele for Guernsey sitt U16-lag for gutar, då ho deltok i Muratti Vase-turneringa for U16-lag mot Jersey U16 i 2018.
England Ungdom Etter å ha deltatt på ei regionsamling for det engelske J15-landslaget, blei ho seinare kaptein for laget. I september 2018 blei Le Tissier utnemnd til kaptein for U17-landslaget før kvalifiseringa til U17-EM. England vann alle sine seks kampar, utan å sleppe inn mål, og Le Tissier blei tatt ut til troppen som skulle spele i Bulgaria. Ho starta alle tre kampane. England rauk ut i gruppespelet på målskilnad.
Le Tissier spelte for U19-landslaget den 6. mars 2020 mot i La Manga-turneringa, og debuterte for U23-landslaget i ein privatlandskamp mot Belgia den 25. oktober 2021.
Senior I november 2022 blei Le Tissier tatt ut på A-landslaget for fyrste gang, for å spele i privatlandskampane mot Japan og Noreg. Ho debuterte på landslaget den 15. november, og spelte heile 90 minutt i kampen mot Noreg som enda 1-1. I mai 2023 blei Le Tissier tatt ut som reserve for Verdsmeisterskapen i Australia og New Zealand.
Privatliv Faren til Le Tissier, Darren, spelte tidlegare semiprofesjonell fotball for St. Martins A.C. Ho gir han mykje av skylda for å ha introdusert henne til laget av fireåringar han trente, der ho har sagt: «skryt til gutta heime, viss dei ikkje berre såg på meg som ein annan fotballspelar, så hadde eg kanskje ikkje vore der eg er i dag».
Trass i at at dei kjem frå den same øya Guernsey og deler same etternamn, er Le Tissier ikkje i slekt med den tidlegare engelske landslagspelaren Matthew Le Tissier, men dei to familiene kjenner kvarandre og Darren har tidlegare spelt fotball med Matthew.
I mai 2022 inngjekk Le Tissier og veldedighetsorganisasjonen Common Goal eit samarbeid, der ho lover å donere minst ein prosent av lønna si.
Utmerkingar
Manchester United FA Cup-finalist: 2022-23
England Finalissima: 2023 Arnold Clark Cup: 2023
Individuelle Sesongens beste unge spelar i Brighton & Hove Albion WFC: 2020-21, 2021-22 Kanaløyanes Sportspersonlegdom: 2022
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Maya Le Tissier» frå , den 5. juli 2025.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Brighton-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Engelske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Guernsey