Henrik Horneman () var ein norsk gardbrukar og politikar i Rissa i Trøndelag. Han var stortingsmann frå Søndre Trondhjems amt 1859–60.
Horneman var fødd og oppvaksen i Holmestrand, der faren Ebbe Carsten Horneman budde i mange år. Sjølv studerte han ved universitetet i Christiania og vart cand.jur. i 1841. Han søkte aldri embete, men dreiv i staden gard i Rissa. Ei tid ordførar i Rissa herad. 1861–65 var han lensmann i Stadsbygd og Rissa, deretter forstandar for Angellske stiftelser fram til 1889.
Henrik Horneman representerte Søndre Trondhjems amt i Stortinget 1859–60. På Tinget var han medlem i Justiskomite nr 1. Ein mørk vinterkveld i Trondheim fall han ned i «en aabenstaaende Kjælderhals» og knuste hjerneskallen. Han døydde av skadane.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Fædrelandsvennen, 23. januar 1891
Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Folk frå Holmestrand Kategori:Folk frå Rissa Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet