Martinus Nissen Drejer, også stava Dreier () var ein norsk fut, ordførar og stortingsmann, fødd i Trondheim og død i Tromsø.

Drejer tok juridisk embetseksamen i 1834. Han var frå 1838 konstituert prokurator i Tromsø, deretter frå 1840 underrettsprokurator i Finmarkens amt (dagens Troms og Finnmark fylke). Til sist var han fut for Senjen og Tromsø frå 1854 til han døydde. Drejer arbeidde for å oppretta ei nordnorsk avdeling av Noregs Bank i Tromsø. Etter bankkontoret opna i 1852, var han styremedlem i avdelinga.

I åra frå 1849 til 1867 var Drejer fleire periodar ordførar i Tromsø. Hausten 1853 vart han vald til å representere Tromsø og kjøpstadene i Finnmark i Stortinget. 1854 møtte han på Tinget, medlem i Justiskomite nr. 2. I 1859 var han medlem av ein offentleg kommisjon om sildefisket i Nordland og Finmarken.

År 1857 kjøpte Drejer eit stort gardsbruk på Tromsøya, som seinare fekk namnet Åsgård. Her tok han til med modernisert jordbruk. Då hadde han allereie i nokre år vore styreformann i nyskipa Tromsø Amts Landhusholdningsselskab.

Drejer vart i 1870 tildelt St. Olavs orden for sitt virke. Byen og amtet reiste ein minnestein på grava hans i Tromsø. Fogd Drejers gate i Tromsø er kalla opp etter han.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Hitra Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet