Arnon Nampa () er ein thailandsk menneskerettsadvokat og politisk aktivist. Han er kjend i Thailand for å ope kritisere det thailandske monarkiet, og dermed bryta med noko som er tabu i landet. Han er rekna som ein framståande menneskerettsadvokat, og vart etter kvart skulda for 14 ulike saker om majestetsfornærming. Han var ein sentral skikkelse under demonstrasjonane i Thailand 2020.

I 2020 vart han fengsla utan rettssak i 24 dagar, og i tråd med dåverande statsminister Prayut Chan-o-chas bruk av all mogleg lovgiving mot demonstrantane, under dette majestetsfornærming, vart fengslinga utvida til 110 dagar. Etter at han vart sett fri mot kausjon i juni 2021, vart han igjen fengsla frå 9. august 2021 til 27. februar 2022. 203 av desse dagane var utan rettssak, og den totale fengselstida var 337 dagar.

Fengsling sidan 2023 Han har vore fengsla sidan dommen han fekk for majestetsfornærming den 26. september 2023. Den 17. januar 2024 vart Arnon vidare dømd til fire år i fengsel for majestetsfornærming gjort i sosiale media i 2021. Den samla fengselsstraffa hans for majestetsfornærming var, per juli 2024, totalt på over fjorten år. Arnon vart funnen skuldig i ei ny sak om majestetsfornærming den 8. november 2024 for å ha skrive eit brev til kong Vajiralongkorn på hans offentlege Facebook-side under ein demonstrasjon den 8. november 2022. Andre som vart sikta i samband med denne demonstrasjonen var aktivistane Parit Chiwarak, Panusaya Sithijirawattanakul, Panupong Jadnok og Chonthicha Jangrew. Fordi den samla fengselsstraffa hans no var på seksten år, to månader og ti dagar, kunne han ifølgje Thai lawyers for human rights overførast til Klong Prem sentralfengsel, som held fangar med straffer på over femten år.

Den 19. desember 2024 vart han i tillegg dømd til to år og åtte månader i samanheng med ein såkalla Harry Potter-demonstrasjon ved Demokratimonumentet i Bangkok under demonstrasjonane i 2020. Han risikerte dermed 18 års fengselsstraff.

Ankedomstolen avviste den 20. februar 2025 alle kausjonskrav frå Arnons advokat, og Arnon sat framleis i fengsel per 27. februar 2025. Han hadde på det tidspunktet vore fengsla i eitt år og fem månader.

Ønske om visumrestriksjonar for Europa Som svar på at Europaparlamentet i mars 2025 vedtok ein resolusjon mot majestetsfornærming, skreiv Arnon den månaden eit ope brev til parlamentet frå fengselscella si. I brevet takka han for omtanken rundt brot på menneskerettane i Thailand, og bad om visumrestriksjonar for Europa for personar involvert i urettferdig handheving av paragraf 112 i Thailands straffelov. Eit argument mot dette er at forsking av professor Armin Steinbach ved handelshøgskulen HEC Paris har vist at sanksjonar som tek sikte på å forbetre menneskerettssituasjonar, ofte fører til det motsette.

Lang fengselsstraff Den 27. mars 2025 vart Arnon, som saman med den fengsla aktivisten Parit Chiwarak har søkt asyl i utlandet, dømt til endå to år til i fengsel etter ein demonstrasjon i byen Chiang Mai den 23. november 2020. Den 28. mai 2025 vart han dømd til endå to år i fengsel, og stod då overfor fengselsstraff på meir enn 24 år. Den 25. juni 2025 vart han funnen skuldig av straffedomstolen for endå eit tilfelle av majestetsfornærming. Han hadde uttalt at monarken må vera politisk nøytral for å kunne bli respektert. Medrekna dommen på to år og åtte månader som han fekk for å seie dette, stod han per juni 2025 overfor meir enn 26 år i fengsel.

Prisar og utmerkingar Arnon Nampa fekk i 2020 Jarupong Thongsin for Democracy Award og i 2021 Gwangju-prisen for menneskerettar. Han fekk den 22. mai 2025 Front Line Defenders Award. Han vart i mai 2026 nominert til Rådet for advokatar og advokatforeiningar i Europas (CCBE) menneskerettspris 2026.

Referansar

Kategori:Folk frå provinsen Roi Et Kategori:Thailandske aktivistar Kategori:Advokatar