høgre|mini|Tristan og Isolde med kjærleiksdrikk. Illustrasjon frå 1400-talet. mini|Romersk kjærleiksrituale, av Johann Erdmann Hummel, 1848
Kjærleiksmagi er ein type magi som det finst døme på i mange kulturar rundt om i verda som ein del av folketru, både av prestar og lekfolk innan nesten alle religionar. Historisk sett finst det spor etter slik magi i kileskrift-tavler frå Mesopotamia, i gamle egyptiske tekster og seinare koptiske tekstar, i den gresk-romerske verda, i gammalsyriske tekstar, i den europeiske mellomalderen og tidleg moderne tid, og blant alle dei jødiske grupper som sameksisterte med desse gruppene.
Den nøyaktige definisjonen av «kjærleiksmagi» kan vera vanskeleg å slå fast og variera frå forskar til forskar, men det som mange har til felles er bruken av magi for å starta, bevare eller bryta eit forhold av noko slag, anten for reint seksuelle eller romantiske formål eller begge deler. Verkemiddel og metodar ein nyttar i praksis er ikkje signifikant forskjellige frå måten andre former for magi blir praktisert på og inkluderer talte og skrivne trylleformular, dokker, talismanar, amulettar, drikkar og ritual.
Kjærleiksmagi i kileskrift Det finst tidlege døme på kjærleiksmagi frå Det nære Austen som er daterte til kring 2200 f.Kr. Det er funne kileformtavler med rituale for erotisk magi i Tell Inghara og Isin (i dagens Irak).R. Pientka, ‘Aphrodisiaka und Liebeszauber im Alten Orient’, in S. Parpola and R.M. Whiting (eds.), Sex and Gender in the Ancient Near East (2 vols; Helsinki, 2002), vol. II, pp. 507-522. Det er funne spor etter liknande rituale i det gamle Egypt, til dømes på ein ostrakon datert til det tjuande dynastiet (12.-11. hundreåret f.Kr.).J.F. Borghouts, Ancient Egyptian Magical Texts (Leiden, 1978), p. 1. Trylleformlar og rituale for kjærleik er blitt funne frå sumerarane, akkadiarane og babylonarane, og nokre av desse formlane erfunne att frå seinare tidsperioder i Det nære austen blant andre folkeslag.
Hellenistisk kjærleiksmagi Trylleformular for erotisk tiltrekking og trong opptrer i den synkretistiske magiske tradisjonen i det hellenistiske Hellas, som inkorporerte egyptiske og hebraiske element som dokumentert i tekster som Papyri Graecae Magicae og arkeologisk på amulettar og andre gjenstandar som er daterte frå 2. hundreåret f.Kr. (og til tider tidlegare) til slutten av 3. hundreåret e.Kr. Desse magiske praksisane heldt fram med å påverka private ritual blant keltarar i Gallia, i Romersk Britannia og blant germanske folk.For example, J.H.G. Grattan and Charles Singer, Anglo-Saxon Magic and Medicine. Illustrated Specially from the Semi-Pagan Text Lacnunga (Oxford University Press, 1952); Felix Grendon, Anglo-Saxon Charms (Folcroft Library, 1974), passim (mostly on Christian elements and traditional magic); Anne van Arsdall, Medieval Herbal Remedies: The Old English Herbarium and Anglo-Saxon Medicine (Routledge, 2002), p. 52ff., with cautions about disentangling various strands of the magical tradition; Karen Louise Jolly, "Locating the Charms: Medicine, Liturgy, and Folklore," in Popular Religion in Late Saxon England (University of North Carolina Press, 1996), p. 96ff.
Kjærleiksmagi i renessansen Magi var dyrt og ein trudde at det kunne forårsaka store skader på utøvaren; derfor blei det ikkje tatt lett på.Rosenblatt, Paul C. p. 482-7 Derfor blei ikkje slik magi nytta mot kven som helst i renessansen, men var retta mot par som var særleg viktige. Menn og kvinner med høg status og omdøme var oftare mål for kjærleiksmagi. Ekteskapsavgrensingar knytte til økonomiske eller klasseskilje kunne ofte hindra eit ekteskap, og kjærleiksmagi blei sett på som ein måte å bryta desse barrierane på, og føra til sosial framgang.Matthew W. Dickie, pg. 564
Sidan kristendommen og spesifikt katolisismen dominerte Europa i renessansen, blei kristendomen del av dei magiske rituala. Ofte nytta ein leiredokker eller nedskrivne trylleformular som blei skjulte i altaret i kyrkjer, eller kyrkjelys som blei tende under rituale. Hostien frå messa blei av og til òg brukt i rituale for å få det ønska resultatet. Såleis var kjærleiksmagi i renessanseperioden både kristen og heidensk.Guido Ruggiero pg.225
I litteratur og kunst I litteratur og kunst kan motivet med kjærleiksmagi brukast for å skapa eller bryta opp eit forhold, vanlegvis til fordel for ein av hovudpersonane. Ein finn særleg nokre døme i eldre litteratur og kunst, der bruken av magien nokre gonger får tragiske konsekvensar, og komplikasjonar for hovudpersonane. Eit av dei eldste døma på temaet i vesten er myten om korleis helten Herakles blei drepen av den siste kona si, Deianeira, som blei lurt av ein kentaur til å drepe ham med ei forgifta skjorte han sa ville gjenoppliva kjærleiken hans til henne om ho følte at kjærelken hans nokon gong falma. Ei seinare, kjend behandling av emnet er i Richard Wagner sin opera Tristan und Isolde, som var inspirert av eit epos av Gottfried von Strassburg. Andre døme på bruk av kjærleiksmagi er operaen L'Elisir d'amore av Donizetti og balletten El amor brujo av Manuel de Falla.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Love magic» frå , den 24. juli 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Forføring Kategori:Magi Magi