Bente Eriksen () er ein norsk tidlegare symjar frå Kristiansand som vart nordisk meister 1973 i 200 meter rygg og i 1975 i begge ryggøvingane. Ho var medlem i Kristiansand Svømmeklubb, bortsett frå 1976/77 då ho var medlem i Volda Turn og Idrottslag.

Åra 1972-78 vann Eriksen vann 17 gullmedaljar i ryggsymjing under norske meisterskap, 9 av dei i langbane. Under den nordiske meisterskapen 1973 i Oslo vann ho gull i 200 meter rygg og tok sølvmedaljen i 100 meter rygg. To år seinare sigra ho i så vel 100 m som 200 meter rygg ved Nordisk meisterskap i symjing 1975 i Turku, på 200 meter rygg sette ho nordisk rekord. I 1977 sumde ho den fyrste etappen for det norske mannskapet som vann 4x100 meter fri då den nordiske meisterskapen vart avvikla i København. Eriksen sette 23 norske rekordar, alle i ryggsymjing.

Kjelder Kunnskapsforlaget idrettsleksikon. 1990

Kategori:Norske symjarar Kategori:Folk frå Kristiansand