Tor Fredrik Kaasen () er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM). Tor Fredrik Kaasen flytta til Tromsø då han var eitt år, vaks opp der, og er eit produkt av det sterke sjakkmiljøet i Tromsø Sjakklubb.

Internasjonal Meister i sjakk Tor Fredrik Kaasen vart IM etter sterke resultat i tre internasjonale turneringar i Noreg. I Oslo Chess Festival 2016, 30.9-6.10.2016, tok han 6,5 poeng på 9 rundar. I Kragerø Resort Chess 2017, 22-26.2.2017, tok han 5 poeng på 9 runder. Og i Kragerø Resort Chess 2018, 21-25.2.2018, tok han 5,5 av 9, eit heilt poeng over IM-kravet. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 hadde han oppfylt allereie pr. 1. desember 2016 med 2405. Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE-møtet i Minsk, 6-9. april 2018.

To napp i stormeister-tittelen Tor Fredrik Kaasen har to innteikningar i stormeister-tittelen. Den første kom i eliteklassa i NM i sjakk på Kongsvinger i 8-16. juli 2022, med 6 poeng på 9 parti. Det andre nappet kom på Fagernes Chess International 2023, 2-9. april 2023, også då med 6 av 9 moglege. Kaasen treng eitt slikt resultat til for å bli stormeister. Kravet om eigen rating over 2500 vart nådd etter to av dei første rundene i sjakk-OL i Samarkand i september 2026. Han hadde 2499, og to vinstar gav + 1,7 ratingpoeng, og dermed 2500,7. Det har ikkje noko å seie at han seinare i sjakk-OL gjekk ned nokre ratingpoeng.https://ratings.fide.com/calculations.phtml?id_number=1516647&period=2026-10-01&rating=0

Kjelder

Bakgrunnsstoff Tor Fredrik Kaasen si spelarside hos FIDE Tor Fredrik Kaasen sine sjakkparti hos Chessgames.com

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Folk frå Tromsø