Finnøytunnelen er ein undersjøisk vegtunnel på fylkesveg 519 i Rogaland, med ein arm til Talgje på fylkesveg 606.
Tunnelen går under Talgjefjorden mellom Hanasand på Rennesøy og Lastein på Finnøy, med ein avstikkar til Østabø på Talgje. Hovudtunnelen er 5 685 meter lang, armen til Talgje 1 467 meter. Tunnelen når ei djupne på 200 meter under havet og har opptil 9 % stigning, medan Talgje-armen har 10,2 %.Statens vegvesen: Prosjektbeskriving (10. september 2009)
Tunnelen er ein del av Finnfast prosjektet som gjev fastlandssamband til Talgje og Finnøy. Han vart opna 30. oktober 2009 og finansiert med bompengar fram til juli 2021. Bygginga starta i 2006, med det siste gjennomslaget i 2008. Ved opning vart det tidlegare ferjesambandet mellom Hanasand, Ladstein og Talgje lagt ned.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Finnøytunnelen» frå , den 9. august 2025.
Bakgrunnsinformasjon
Statens vegvesen: Rv. 519 Finnfast Stavanger Aftenblad: Nå er Finnfast åpnet (30. oktober 2009)
Kategori:2009 i Noreg Kategori:Ryfylke Kategori:5°E Kategori:Tunnelar i Rogaland Kategori:Tunnelar opna i 2009