New age-musikk er ein brei musikksjanger som er retta mot å gje inspirasjon, avslapping og optimisme til lyttarar. Han kan nyttast i samband med yoga, massasje, meditasjon og lesing, for å motverka stress, for å framkalla ei kjensle av ekstase, heller enn transe, eller for å skapa ein fredeleg atmosfære. Sjangeren blir nokre gonger knytt til miljøvern og new age-rørsla.

Ein kan ha akustisk new age-musikk, med instrument som fløyte, piano, gitar, ulike ikkje-vestlege akustiske instrument, og elektronisk musikk, ofte baserte på synthesizer eller sequencer. New age-artistar kombinerer ofte desse metodane for å laga elektroakustisk musikk. Vokalarrangement var tidlegare sjeldne i sjangeren, men ettersom han har utvikla seg, har vokal blitt meir vanleg, særleg med song eller messing etter tradisjonane til amerikanske urfolk, sanskrit- eller tibetansk tradisjon, eller tekstar baserte på mytologi, som keltiske legender.

Det finst ikkje ein nøyaktig definisjon av new age-musikk. Ofte blir musikk rekna til sjangeren ut frå intensjonen bak han, ein praksis nytta av Grammy-utvalskomiteen i denne kategorien. Ein artikkel i Billboard i 1987 sa at «New age-musikk kan vera den mest utruleg suksessfulle, ikkje-definerte musikken som nokon gong har vore kjend offentleg». Fleire har peikt på at det er eit paraplyomgrep nytta for marknadsføring i staden for ein musikalsk kategori, og å vera del av ein komplisert kulturell trend.

New age-musikk har påverknadar frå eit breitt utval av artistar frå mange ulike sjangrar. Tony Scott sitt album Music for Zen Meditation (1964) er rekna som den fyrste new age-innspelinga. Paul Horn (frå utgjevinga av Inside i 1968) var ein viktig føregangsmann. Irv Teibel sin serie Environments (1969–1979) inneheldt naturlege lydlandskap, tintinnabulum og «om»-messing og var nokre av dei fyrste offentleg tilgjengelege psykoakustiske innspelingane. Steven Halpern si Spectrum Suite frå 1975 var eit nøkkelverk som byrja new age-musikkrørsla.Wright, Carol. Spectrum Suite—Steven Halpern. AllMusic.

Definisjon mini|New age-musikk kan vera eit terapeutisk middel for å redusera stress, ha medvite nærvære eller meditera. New age-musikk er definert meir av bruken og effekten eller kjenslene han gjev enn instrumenta og sjangeren som blir brukt i skapinga av han; musikken kan vera akustisk, elektronisk eller ei blanding av begge. New age-artistar kan variera frå solo- eller ensembleopptredenar med instrument frå klassisk musikktradisjon som piano, akustisk gitar, fløyte eller harpe til elektroniske musikinstrument, eller frå austlege instrument som sitar, tabla og tanpura. Det er òg ei viktig overlapping av delar av new age-musikk med sjangrar som ambient, klassisk, jazz, elektronika, world, chillout, pop og rommusikk (space music).

Dei to definisjonane som typisk er knytte til new age-sjangeren er:

New age-musikk med ambient stil som har som eksplisitt føremål å støtta meditasjon og avslapping, eller bidra til å hjelpa med ulike alternative åndelege teknikkar, som alternativ behandling, yoga, guida meditasjon eller chakra-tolking. Dei som står for denne definisjonen er nesten alltid musikarar som medvite skapar musikk for slike føremål.Steven Halpern, New Age Voice Magazine, June 1999 issue For å kunne brukast til meditasjon bør musikken ha ein repetitiv dynamikk og tekstur utan plutselege høge akkordar eller improvisasjon, noko som kan forstyrra den som mediterer. Han er minimalistisk i utgangspunktet, og musikarar i sjangeren er oftare instrumentalistar enn vokalistar. Subliminale meldingar kan også brukast i new age-musikk, og bruk av instrument i lag med lydar frå dyr (som kvalar, ulvar og ørner) og naturen (fossar, bølgjer, regn) er også utbreidd. Fløytisten Dean Evenson var ein av dei fyrste musikarane til å sameina fredeleg musikk med lydar frå naturen, og skipa dermed ein sjanger som blei populær i samband med massasje og yoga. Andre leiande artistar som har skap new age-musikk spesielt for healing eller meditasjon er mellom anna Irv Teibel, Paul Horn, Deuter, Steven Halpern, Paul Winter, Lawrence Ball, Karunesh, Krishna Das, Deva Premal, Bhagavan Das og Snatam Kaur. Musikk plassert i new age-avdelinga i platebutikkar og liknande.Steven Halpern, New Age Voice Magazine, June 1999 issue Dette er hovudsakleg ein praktisk definisjon, gjeven breidda av musikk klassifisert som «new age» av seljarar som ofte er mindre interesserte i nøye inndelingar av musikkstilar enn tilhengjarar av stilane. Musikk som fell inn under denne definisjonen kan gjerne ikkje bli lett klassifisert til andre, meir utbreidde definisjonar, men kan innehalda nesten alle typar musikk; det er meir eit døme på marknadsføring enn ein musikalsk kategori.

Debatt og kritikk mini|Kitarō, ein leiande new age-artist frå Japan. Stephen Hill, grunnleggjaren av radioprogrammet Hearts of Space, har hevda at «mange av kunstnarane er særs oppriktig og fullt engasjerte i new age-idear og livsstilar». Nokre komponistar, som Kitarō, meiner at musikken deira er ein del av den andelege veksten deira, og at han uttrykker verdiane deira og former kulturen. Den kristne filosofen Douglas Groothuis har sagt at frå eit kristent perspektiv ville avvising av all musikk som er merka som «new age» vera å bli offer for ein tabu-mentalitet, ettersom mesteparten av musikken tilhøyrer den «progressive» sida av new age-musikk, der komponistar ikkje alltid har eit new age-livssyn.

Det blir likevel ofte peikt på at «new age-musikk» er ei populær nemning som bidreg til å selja album. Akademikaren J. Gordon Melton har hevda at det ikkje viser til ein bestemt musikksjanger, men til musikk som blir brukt til terapeutiske eller andre new age-føremål. Komponisten Kay Gardner såg på «new age»-merket som eit uautentisk kommersiell påfunn, og sa: «a lot of new age music is schlock», og at på grunn av platesal kunne einkvar med eit heimestudio leggja inn lyden av sikadar, hav eller elver som garanti for sal. Det som byrja som ambient stemningsmusikk som hadde samband med new age-aktivitetar, blei eit omgrep for ein musikalsk konglomerasjon av jazz, folk, rock, etnisk, klassisk og elektronisk musikk.

mini|Enya er rekna for å ha gjort new age-muskk populær i USA med den globale hitten sin «Orinoco Flow». Under samleomgrepet rekna nokre Mike Oldfield sitt progressive rockealbum Tubular Bells frå 1973 som eit av dei fyrste albuma til å bli omtalte under sjangerskildringa new age. Andre meiner at musikk av den greske komponisten Vangelis og generell moderne jazz-rock-fusion er døme på den progressive sida av new age-musikk. Andre relevante artistar er Jean-Michel Jarre, Andreas Vollenweider, George Winston, Mark Isham, Michael Hedges, Shadowfax, Mannheim Steamroller, Kitarō, Yanni, Enya, Clannad, Era, Tangerine drøm og Enigma.

Mange musikarar og komponistar avviser omgrepet «new age» for musikken sin. Då Grammyprisen for beste new age-album blei skipa i 1987, sa den første vinnaren, Andreas Vollenweider: «Eg har ikkje nokon intensjon om å stempla musikken min... Det er latterleg å gje eit namn til noko som er tidlaust.» Peter Bryant, ein musikkdirektør for WHYY-FM og programleiar for eit new age-program, sa at «eg har ikkje noko til overs for omgrepet... New age har ein negativ konnotasjon... I sirklar eg kjem i kontakt med, blant folk som arbeider med musikk, er 'new age' nesten ei fornærming.» Han sa vidare at det viste til «svært tanketomme, drøymande typar av keisam musikk... utan nokon substans eller form eller interesse,» og at omgrepet ganske enkelt har blitt sitjande.

Komponisten Harold Budd har sagt: «Når eg høyrer ordet 'new age', strekk eg meg etter revolveren min. Eg tenkjer ikkje på meg sjølv som ein som lager musikk som berre er meint å vera i bakgrunnen. Det er skamfullt å uøsnka bli assosiert med noko magekjensla di seier er heilt tomt.» Vangelis har sagt det er ein stil som «gav dei utan talent høve til å laga særs keisam musikk.» Yanni sa: «Eg vil ikkje avslappa publikum, eg vil engasjere dei i musikk, få dei interessert,» og at «new age antyder ein meir dempa, meir avslappa musikk enn det eg lager. Musikken min kan vera svært rytmisk, svært energisk, til og med svært etnisk.» David Van Tieghem, George Winston og Kitarō avviste òg merkelappen som new age-artistar. David Lanz sa at han «endeleg fann ut at den største grunnen til at folk ikkje likte ordet new age er fordi det er den einaste musikalske kategorien som ikkje er ein musikalsk term.» Andreas Vollenweider har peikt på at «me har selt millionar av plater over heile verda før kategorien new age faktisk var ein kategori,» og delte uroa for at «butikkane har dette problemet med kategorisering. »

Alternative omgrep Kay Gardner kalla den opphavlege new age-musikken «healing music» eller «women's spirituality». Paul Winter, som er rekna som ein av dei fyrste som utvikla new age-musikk, avviste òg omgrepet, og føretrekte «earth music».

Omgrepet «contemporary instrumental music» blei foreslått av Andreas Vollenweider, medan Gary L. Chappell la fram «adult alternativr», som var omgrepet Billboard nytta for sine albumlister for new age- og verdsmusikk.

Historie Konseptet byrja utvikla seg då profesjonelle musikarar byrja engasjera seg i new age-rørsla. I fyrstninga var det ingen interesse frå musikkindustrien, så musikarane og tilknytt personell grunnla sine eige små uavhengige innspelingsverksemder. Dei nådde betydelege salstal gjennom uvanlege utsalsstader, som bokhandlar, gåvebutikkar, helsematbutikkar og via postordresal. Med etterspurnaden frå ein stor marknad byrja dei store plateselskapa også å promotera new age-musikk på 1980-talet.

New age-musikk blei påverka av ei brei rekkje artistar frå ulike sjangrar - til dømes folk-instrumentalistane John Fahey og Leo Kottke, minimalistane Terry Riley, Steve Reich, La Monte Young og Philip Glass, progressive rock-grupper som Pink Floyd, ambientpioneren Brian Eno, synthesizer-spelaren Klaus Schulze og jazzartistane Keith Jarrett, Weather Report, Mahavishnu Orchestra, Paul Horn, Paul Winter og Pat Metheny.Birosik, Patti Jean (1989). The New Age Music Guide. Collier Books. .Werkhoven, Henk N. (1997). The International Guide to New Age Music. Billboard Books / Crown Publishing Group. .

Tony Scott sitt Music for Zen Meditation (1964) er til tider rekna som den fyrste new age-innspelinga, men til å byrja med var dette albumet berre populært i California, og blei ikkje selt på landsbasis før på 1980-talet. Det oppstod ein annan skule for meditasjonsmusikk blant fylgjesveinane til Rajneesh; Deuter spelte inn D (1971) og Aum (1972), som blanda akustiske og elektroniske instrument med lydar frå havet. Songen «Lunamuse» (1974) av Kay Gardner og innspelinga Mooncircles (1975), som var ein syntese av musikk, seksualitet og wicca-åndelegheit, var «new-age music before it got to be new-age music.» A Rainbow Path (1984) omfamna teorien til Halpern om lækjande musikk frå samtida med kvinneleg åndelegheit, og ho blei ein av dei mest populære artistane for sakral new age-musikk. Mike Orme frå Stylus Magazine har skrive at mange viktige musikarar frå Berlinskulen hjelpte til med å gjera new age utbreidd.

Missa Gaia/Earth Mass (1982) av Paul Winter blir skildra som «eit meisterverk av new age-tilknytt økologisk medvit som feirar heilagdommen til land, himmel og hav.» Virket hans på Austkysten blir rekna som ein av dei viktigaste musikalske uttrykka for new age-åndelegheit. På Vestkysten fokuserte musikarane meir på musikk til lækjing og meditasjon. Steven Halpern sitt Spectrum Suite (1975) er verdt å merka seg. Det hadde som uttalt musikalsk formål å «resonnera spesifikke område av kroppen... det stilnar sinn og kropp.» Tittelen viser til «dei sju tonane på musikkskalaen og dei sju fargane tilregnbogen til dei sju eteriske energikjeldene (chakraer) i kroppane våre.» På 1970-talet var musikken hans og den teoretiske boka Tuning the Human Instrument (1979) føregangsverk innan den veksande praksisen med musikalsk lækjing i USA.