Movimento Popular de Libertação de Angola – Partido do Trabalho, kjent som MPLA, er eit politisk parti i Angola. Det blei grunnlagt i 1956 som ei samanslutting mellom Det angolanske kommunistpartiet og Partiet for den sameinte kampen til afrikanarar i Angola (Partido da Luta Unida dos Africanos de Angola), forkorta PLUA. Partiet har ein sosialistisk, marxistisk og kommunistisk ideologi. Det er medlem av Den sosialistiske internasjonale.
Ved presidentvalet i 1992 vann kandidaten til partiet, José Eduardo dos Santos, valet med eit stemmetal på (49,57 %). Ved parlamentsvalet i 1992 fekk partiet stemmer (53,74 %, 129 mandat). Åtte opposisjonsparti la fram skuldingar om valfusk.National Society for Human Rights, Ending the Angolan Conflict, Windhoek, Namibia, 3. juli 2000 Det neste parlamentsvalet fann ikkje stad før i 2008 på grunn av borgarkrigen. Då fekk MPLA 81,64 % av stemmene og 191 av 220 sete i parlamentet."Angolan ruling party gains about 82% of votes in legislative race". Xinhua. 17. september 2008. Ved parlamentsvalet i 2012 fekk partiet 71,84 % av stemmene og 175 av 220 parliamentssete."Eleicoes Gerais 2012: Resultados". Comissao Nacional Eleitoral Angola. Vitja 29. november 2012.
I september 2018 blei João Lourenço leiar av partiet etter at José Eduardo dos Santos valde å gå av med pensjon. Ved valet i 2022 fekk MPLA rundt 51 % av stemmene og 124 parliamentssete. Det største opposisjonspartiet, UNITA, fekk 44 % av stemmene og 90 sete. Resultatet var det verste til MPLA på 30 år. Nesten alle opposisjonspartia meinte likevel at resultatet involverte fusk.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «MPLA» frå , den 24. august 2025.
Delar av denne artikkelen bygger på «MPLA» frå , den 5. september 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1956 Kategori:Angolansk politikk