Wilhelm Nicolai Pedersen () var ein norsk prest og politikar frå Bergen som var stortingsmann 1900-03 frå Søndre Bergenhus amt.
Pedersen vart student i 1864 frå Heltberg-skulen i hovudstaden. Etter å ha vorte cand.theol. i 1870, var han i fem år personal kapellan i Vestre Toten. 1875 stiftskapellan i Bergen. I 1876 tok han til som sokneprest i Herdla, og busette seg på farsgarden i Herdla. Frå 1896 også prost i Nordhordland.
Pedersen var ordførar i Herdla frå 1878. I mange år også formann i skulestyret og i fattigstyret. I 1900 vald til å representere valkrinsen Søndre Bergenhus i Stortinget, der han var medlem i Gasje- og pensjonskomiteen.
Pedersen, som var ugift, døydde på garden sin i Herdla.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Askøy