mini|Ruinane av det puniske kvarteret i Kartago. mini|Satellittbilde av Kartago og den moderne busettinga rundt. Kartago (òg skrive Karthago, frå fønikisk Kart-Hadascht, «nybyen», skrive utan vokalar på punisk som Qrthdst) var ein oldtidsby ved kysten av Nord-Afrika, sør for Tunis-sjøen i det som i dag er Tunisia. Han skal i glanstida si ha hatt opptil 700 000 innbyggjarar. Byen, som var ei viktig sjømakt, vart jamna med jorda av romarane etter punarkrigane i 146 fvt. Han vart bygd opp att av Julius Cæsar og Augustus, og i den romerske keisartida var Kartago den viktigaste byen i Nord-Afrika saman med Alexandria. I 439 vart han hovudstaden til vandalane, i 533 kom han under bysantinsk styre og i 697 vart han øydelagd av arabarar.

I dag er Kartago ein ruinby utanfor den tunisiske hovudstaden Tunis. Kartago vart teke med på UNESCO si liste over verdsarv i 1979.

Grunnlegginga av Kartago framed|Eit kart over det sentrale Middelhavet som viser posisjonen til Kartago (nær det som i dag er Tunis). Kartet viser òg Italia og øyane Sicilia, Sardinia og Korsika. Kartago vart grunnlagd rundt 814 fvt. av fønikiske busetjarar frå byen Tyrus som tok med seg byguden Melkart. I følgje tradisjonen vart byen grunnlagd av Dido og eit tal myter om grunnlegginga har overlevd gjennom gresk og romersk litteratur.

Dei tidlege åra til Kartago var prega av langvarig rivalisering mellom maritime og landeigande familiar. På grunn av at byen var avhengig av maritim handel, kontrollerte den maritime fraksjonen styret, og i løpet av det 500-talet fvt. byrja Kartago å skaffe seg dominans over det vestlege Middelhavet. Handelsmenn og oppdagingsreisande etablerte eit omfattande handelsnettverk og gav bystaten velstand og makt. Tidleg i 500-talet fvt. skal Hanno sjøfararen ha segla ned den afrikanske kysten heilt til Nigeria, der fleire kartagiske byar vart bygde. Samstundes starta Kartago ei systematisk erobring av det afrikanske indre og kystlanda, under leiing av Malkus.

Kartago og Roma signerte i 509 fvt. ein traktat som indikerte ei fordeling av innflytnad og kommersiell aktivitet. Det er den fyrste kjende kjelda som indikerer at Kartago hadde skaffa seg kontroll over Sicilia og Sardinia.

Allereie ved byrjinga av 400-talet fvt. var Kartago det kommersielle senteret i regionen, ein posisjon han hadde til han vart kasta av den romerske republikken. Byen hadde erobra dei gamle fønikiske territoria som Hadrumetum, Utica og Kerkouane og dei libyske stammene. Dei hadde dermed kontroll langs heile kysten av Nord-Afrika, frå det som i dag er Marokko til grensene til Egypt. Innflytnaden til byen hadde òg spreidd seg inn i Middelhavet med kontroll over Sardinia, Malta, Balearane og den vestlege halvdelen av Sicilia. Koloniar hadde òg vorte etablerte i Iberia.

Livet i Kartago Handel Det tidlege handelsimperiet til Kartago var svært avhengig av handelen med Tartessos og andre byar på den iberiske halvøya. Her skaffa dei seg store mengder sølv, og endå viktigare, tinnmalm, som var avgjerande for produksjon av bronse-gjenstandar. Kartago følgde handelsrutene som allereie var etablerte av moderbyen Tyrus. Då Tartessos fall, gjekk kartagarane direkte til primærkjeldene etter tinn, i den nordvestlege seksjonen av Iberia og lenger nord, i Cornwall på dei britiske øyane. Andre kartagiske skip gjekk sørover langs vestkysten av Afrika og kom tilbake med gull frå Senegal. Ei forteljing fortel om eit kartagisk handelsfartøy som utforska Nigeria. Dette inkluderte identifisering av visse geografiske trekk som ein vulkan ved kysten, og møte med gorillaer. Handelssamband som ikkje var permanente vart etablerte så langt vest som på Madeira og Kanariøyene, og så langt sør som det sørlege Afrika.

Dei samtidige kjeldene ein har om kartagarane går gjennom episk dikting i Hellas og romerske historikarar. I det greske teateret var kartagaren ofte portrettert som ein morosam skurk, ein relativt fredeleg og fargerik handelsmann som var fast bestemt på å skaffe seg profitt og svindle edle, men uskuldige grekarar for kvar einaste sparemynt dei hadde. Arkeologiske utgravingar viser alle slags bytte, og enorme mengder tinn som dei bronse-baserte sivilisasjonane trengde til tekstilar, keramikk og finare metallarbeid. Før og mellom krigane var kartagarane i alle hamner ved Middelhavet, dei kjøpte og selde, etablerte varehus der dei kunne, eller forhandla på friluftsmarknadar etter å ha lasta av skipa sine.

Det etruskiske språket er endå ikkje desifra, men arkeologiske utgravingar av etruskiske byar viser at den etruskiske sivilisasjonen i fleire hundreår var kundar og støttespelarar av Kartago, lenge før Roma voks. Dei etruskiske bystatane var, til tider, både kommersielle partnarar og militære allierte av Kartago.

Styreform mini|Kart over Kartago. Styret i Kartago var eit oligarki, ikkje ulikt det i Roma, men få detaljar er kjende. Romerske forfattarar viser til statsoverhovudet som reges, «kongar». Puniske inskripsjonar og gresk-romerske forteljingar viser at omgrepet var Sōfetīm, «domarar», det same namnet som tidlege herskarar vart gjeve i Bibelen. Dette kan òg ha vore tittelen på guvernøren i byen, som var sett inn av moderbyen Tyrus. Seinare vart ein sōfet eller to sōfetêm, som ein trur har utøvd dømande og utøvande (men ikkje militære) funksjonar, valde årleg frå dei mest velståande og familiane med innflytnad. Desse aristokratiske familiane var representerte i eit øvste råd som tilsvara det romerske senatet, som hadde vidtrekkande makt. Men det er ikkje kjent om desse sōfetīm var valde av rådet eller av ei forsamling av folket. Sjølv om administrasjonen i byen var sterkt kontrollert av oligarkane, hadde han òg innslag av demokratiske element. Kartago hadde valde lovgjevarar, handelsunionar og bymøte. Det var eit system av kontroll og balanse i tillegg til offentleg utgreiing. Leiinga for flåten måtte betale med livet for militære nederlag.

Eratosthenes, leiaren for det greske biblioteket i Alexandria, noterte at grekarane hadde teke feil i å skildre alle ikkje-grekarar som barbarar, sidan kartagarane på same måte som romarane hadde ei grunnlov. Aristoteles skreiv også om kartagarane si grunnlov i sin politikk (Bok II, kapittel 11).

Religiøs praksis Kartago var under fønikarane kjende blant naboane sine for barneofring. Plutark, Tertullian, Orosius og Diodorus Siculus nemner praksisen, men Livy og Polybios gjer det ikkje. Moderne arkeologiske utgravingar kan truleg stadfeste Plutark.

I ei enkel barnegrav kalla Tofet går ein ut frå at rundt 20 000 urner med forbrende føter av nyfødde og i nokre tilfelle av foster og toåringar vart plassert. Dette skal ha hendt mellom 400 fvt. og 200 fvt., og praksisen heldt fram til dei tidlege kristne åra. Beinrestane har vorte tolka som at i tilfelle av dødfødde spedbarn, ville foreldra ofre sitt yngste barn. Det er ein klar samanheng mellom talet på ofringar og tilstanden til byen. I dårlege tider (krig, dårlege avlingar) vart ofringar vanlegare, noko som indikerte ei aukande fortviling for å blidgjere gudane.

Nokre forskarar hevdar derimot at desse kroppane berre var kremerte restar av ungar som døydde naturleg, men i lys av andre kananittiske funn, ser dette mindre sannsynleg ut. Dei få kartagiske tekstane som har overlevd nemner ikkje barneofringar i det heile teke. Nokre moderne forskarar har argumentert for at prova for kartagarane sine barneofringar i beste fall er uklåre og at det er mykje meir sannsynleg at rykta var ein del av romersk propaganda mot kartagarane for å rettferdiggjere erobringa og øydelegginga si. Debatten pågår framleis blant moderne arkeologar og andre ekspertar på antikken.

Dei overlevande puniske tekstane er detaljerte nok til å gje eit portrett av ein velorganisert klasse av tempelprestar og hjelparar som utførte ulike funksjonar til ulike prisar.

Kartago hadde mange gudar. Det øvste guddommelege paret var Tanit og Ba’al Hammon. Prestane var barberte, i motsetnad til dei fleste andre menn. I dei fyrste hundreåra av historia til byen vart det halde rituelle feiringar med rytmisk dansing som var avleia frå fønikiske tradisjonar. Gudinna Astarte ser ut til å ha vore populær på denne tida. På høgda av den kosmopolitanske perioden ser det ut til at Kartago var heim til ein mengde guddommar frå nabosivilisasjonane Hellas, Egypt og dei etruskiske bystatane.

Konfliktar med grekarane og romarane Den fyrste sicilianske krigen

mini|Ruinar av Kartago

Suksessen til Kartago førte til opprettinga av ein mektig marine for å halde piratar og rivaliserande nasjonar vekke. Den veksande hegemonien og suksessen til byen førte saman med opprettinga av marinen til ein aukande konflikt med grekarane, den andre stormakta som ynskte kontroll over det sentrale Middelhavet.

Øya Sicilia, som låg rett utanfor Kartago, vart arenaen der denne konflikten vart utspelt på. Frå dei tidlegaste dagane deira, hadde både grekarane og fønikarane vore tiltrekte av den store øya, og begge hadde etablert eit stort tal koloniar og handelspostar langs kysten. Små kampar hadde vorte utkjempa mellom desse busetnadene i fleire hundre år.

Ved år 480 fvt. prøvde Gelon, tyrannen av den greske Syrakus, å sameine øya under sitt styre. Han var delvis støtta av greske tilhengarar. Den overhengande faren kunne ikkje lenger ignorerast, og Kartago sende sin største militære styrke til då ut i felten under leiing av general Hamilcar. Styrkane kan ha vore ein del av ein allianse med Persia, som då var i krig med Hellas. Tradisjonelle forteljingar gjev arméen til Hamilcar ein styrke på 300 000 menn, men dette er ganske sikkert overdrive. Det må uansett ha vore ein formidabel styrke.

Men då Hamilcar kom til Sicilia, tapte han (kanskje alvorlege tap) på grunn av vêret. Han landa ved Panormus og vart knust av Gelon i slaget om Himera. Han vart enten drepen i løpet av slaget eller så tok han sjølvmord i skam. Tapet svekte Kartago, og det gamle styret av adelsmenn vart kasta og erstatta av den kartagiske republikken.

Den andre sicilianske krigen Kartago reiste seg igjen i 410 fvt. etter ei rekkje suksessrike herskarar. Byen hadde erobra mykje av det som i dag er Tunisia, styrkt og grunnlagt nye koloniar i Nord-Afrika og sponsa den siste reisa til Mago Barca tvers over Sahara og reisa til Hanno sjøfararen ned langs Afrika-kysten. Sjølv om dei iberiske koloniane trekte seg ut, noko som kutta hovudtilgangen til Kartago på sølv og kopar, byrja Hannibal Mago, barnebarnet til Hamilcar, å førebu seg på å ta tilbake Sicilia. Samtidig vart ekspedisjonar også sendt inn i Marokko, Senegal og ut i Atlanterhavet.

Hannibal Mago sette kursen for Sicilia i 409 fvt. med styrken sin. Han klarte å ta dei mindre byane Selinus og Himera før han returnerte triumferande til Kartago med krigsbyttet. Men hovudfienden, Syrakus, var framleis urørt og i 405 fvt. leia Hannibal Mago ein andre kartagisk ekspedisjon, denne gongen for å legge beslag på heile øya. No møtte han derimot hard motstand og uhell. Under omleiringa av Agrgentum vart dei kartagiske styrkane ramma av pest. Hannibal Mago var blant dei som døydde av pesten. Etterfylgjaren hans, Himilco, klarte å utvide kampanjen ved å bryte ei gresk omleiring, tok byen Gela og klarte gjentekne gonger å sigre over arméen til Dionysios, den nye tyrannen i Syrakus. Men han var sjølv svekt av pesten og tvungen til å be om fred før han returnerte til Kartago.

Dionysios hadde vunne tilbake styrken sin i 398 fvt. og braut fredsavtalen ved å slå til mot festninga til kartagarane i Motya. Himilco svara med å leie ein ekspedisjon som ikkje berre tok tilbake Motya, men også erobra Messina. Til slutt la han Syrakus sjølv under seg. Dette gjekk bra i 397 fvt., men i 396 fvt. herja igjen pesten dei kartgiske styrkane, og dei kollapsa.

Sicilia vart no ein last for Kartago. I dei neste seksti åra kjempa kartagarane og greske styrkar i ei konstant rekkje med treffingar. I 340 fvt. vart Kartago pressa heilt ned i det sørvestlege hjørnet av øya og ein uroleg fred herska over øya.