Margo (fødd Margaret Catherine O'Donnell; ) er ein irsk songar. Ho blei kjend på 1960-talet i den irske countrymusikk-scena, og har hatt ein lang karriere sidan.Margo profile , regorecords.com/margoodonnell; accessed 25 February 2014.
Bakgrunn Margo voks opp i den vesle landsbyen Kincasslagh i The Rosses-området i County Donegal i Irland. Foreldra hennar var Francis og Julia (fødd McGonagle) O'Donnell, og syskena John (eldst), Kathleen, James; og den yngste Daniel, som òg er ein songar. Far hennar døydde av hjerteinfarkt då ho var sytten år gammal.
Karriere Margo byrja framføra countrymusikk i 1964 med eit lokalt showband, The Keynotes. Ho spelte inn den fyrste singelen sin, Bonny Irish Boy/Dear God, i 1968. Året etter følgde ho opp med den andre singelen sin, If I Could See the World Through the Eyes of a Child/Road By the River. Gjennom dei neste fem tiåra selte Margo over 1 million album, og opptredd med Johnny Cash, Loretta Lynn og Dolly Parton. Ho var vert for fleire fjernsynsprogram for RTÉ på 1970-talet, og vann ei rekkje prisar.Margo O'Donnell bio at official website; accessed 25 February 2014.
Privatliv Margo er syster av den kjende songaren Daniel O'Donnell, som byrja karrieren sin med bandet til Margo tidleg på 1980-talet medan han var på college i Galway.
Siden 1977 har ho engasjert seg i leitinga etter Mary Boyle, ein fjern slektning frå Kincasslagh som forsvann som seksåring nær Ballyshannon i County Donegal. I 2011 gav ho ut singelen The Missing Mary Boyle for å samla inn pengar til eit nytt søk etter den forsvunne jenta.
I 2015 skreiv Margo eit memoar, Margo: Queen of Country & Irish: The Promise and the Dream som blei gjeve ut av The O'Brien Press.
Diskografi Studioalbum
Margo and the Country Folk (1970) From Margo with Love (1971) Country Lovin''' (1972)At Home in Ireland (1974)The Girl from Donegal (1975)Yes! Mr. Peters (1976)A Toast to Claddagh (1977)A Toast from an Irish Colleen (1981)Ireland Must Be Heaven (1982)The Irish Songs I Love to Sing (1984)Margo Now (1987)A Trip Through Ireland (1989)Ireland on My Mind (1992)New Beginnings (1994)Old Friends of Mine (1995)Old Friends Share Old Memories (1996)The Highway of My Life: Shade of the Family Tree (1998)I'm Still Here (2002)Parcel of Dreams (2006)Stories in Song (2010)The World Through My Eyes (2012)The Promise and the Dream (2014)
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Margo (singer)» frå , den 7. september 2025.''
Kategori:Irske songarar