Pointe-Noire er den nest største byen i Kongo-Brazzaville. Han ligg ved Atlanterhavet, nord for grensa til den angolske eksklaven Cabinda. Pointe-Noire var hovudstaden i Kongo mellom 1950 og 1958.
I 2004 blei Pointe-Noire eit eige bydepartement. Før dette låg byen i regionen Kouilou. I 2005 hadde han 663 400 innbyggjarar.
Namn Namnet Pointe-Noire stammar frå portugisiske sjøfararar, som såg svarte klippar ytst på ein odde her i 1484. Etter dette blei Pointe Noire, eller eigentleg Punta Negra (‘svart punkt’), eit maritimt referansepunkt.
Infrastruktur Pointe-Noire har den største flyplassen i Kongo, og er ein viktig hamneby der det blant anna blir skipa ut tømmer, olja, bomull og palmeolje. Byen blir òg brukt som havneby for nabolanda.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pointe-Noire» frå , den 9. september 2025.
Kategori:11°E Kategori:4°S Kategori:Byar i Kongo-Brazzaville