Kasai (også kalla Kassabi, Ibari, Nkutu og (i Angola) Cassai) er eit venstre sideelv til Kongoelva i sentrale Afrika. Ho er 2153 kilometer lang, med eit nedslagsfelt på 925 172 km².
Elva byrjar på Biéplatået i Angola og renn derfrå austover til grensa til Den demokratiske republikken Kongo. Her snur ho brått mot nord og dannar grensa mellom dei to landa over ei strekning på 400 km. Ho held deretter fram nordover og inn i Kongobekkenet. Så bøyer ho gradvis av mot nordvest, der ho renn saman med Kongoelva nordaust for Kinshasa. Dei viktigaste sideelvane til Kasai er Fimi, Kwango/Kwilu, Lulua og Sankuru. På den korte strekninga av elva frå samløpet med Fimi og vestover til sjølve Kongoelva blir Kasai ofte kalla for Kwa.
Kasai dannar to større fossefall: Poggefossane (ved 6°40'S) og Wissmannfossane (ved 5°50'S).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kasai (elv)» frå , den 15. september 2025.
Kategori:Kongobassenget Kategori:Elvar i Angola Kategori:Elvar i Kongo Kategori:10°S Kategori:16°E Kategori:3°S Kategori:19°E Kategori:11°S