Australmåse (Chroicocephalus novaehollandiae) er ein medlem av måsefamilien som lever i Oseania. Han er den vanlegaste måsen i Australia, men er også vanleg på New Zealand. Arten finst over heile kontinentet, særleg langs kystområda. Han er mindre enn tjukknebbmåse (Larus pacificus), som òg lever i Australia.
Verdas naturvernunion IUCN, reknar arten som livskraftig med litt aukade populasjon.
Systematikk Arten har tradisjonelt vore plassert i slekta Larus, slik som mange andre måsar, men er no plassert i slekta Chroicocephalus. Namibmåse (C. hartlaubii) frå Sør-Afrika vart tidlegare stundom rekna som ein underart av australmåsen.
Det er skildra tre underartar:
C. n. forsteri (Mathews, 1912) – nord og nordaust i Australia, Ny-Caledonia, Loyautéøyane C. n. novaehollandiae (Stephens, 1826) – sørlege Australia og Tasmania C. n. scopulinus (Forster, JR, 1844), òg kalla nyzealandmåse – New Zealand
Skildring Hovudet, kroppen og stjerten hjå vaksne australmåsar er kvite, medan vengene er lysgrå med svarte spissar som har kvite flekker. Vaksne fuglar er 38-43 cm lange og har ein kroppsmasse på 195–430 gram. Beina og nebbet er raude.
Ungfuglar har brune mønster på vengene og mørkt nebb.
Utbreiing og habitat Australmåsen finst i alle delstatar i Australia, samt på New Zealand og Ny-Caledonia. Arten er vanleg nær menneskelege busetnader og strender, har tilpassa seg godt til urbane miljø, og trivst kring kjøpesenter og på søppelfyllingar. Den gode tilpassinga til menneskeskapte habitat har ført til vekst i bestandane i område med menneskeleg aktivitet.
Åtferd Australmåsen har ei skarp stemme med fleire ulike læte. Det vanlegaste er eit hardt, skarpt «kwarwh».
Kosthaldet er skildra som opportunistisk, fuglen lever naturleg av virvellause dyr, fisk, insekt, krepsdyr, fugleegg og frø. Han opptrer ofte kleptoparasittisk. Han er ein dugande åtseletar, noko som har ført til auka bestandar nær busetnader. Arten er kjent for å utnytte fiskeavfall og matrestar etter menneske, han kan òg beite på nypløgde åkrar.
Hekking er registrert i alle månader, som regel i store koloniar per registrert på øyar utanfor kysten. Reiret vert bygd på bakken av tang, røter og plantedelar, men kan òg plasserast i låge buskar opptil 2,5 meter over bakken. Vanleg kullstorleik er tre egg, underarten på New Zealand to egg. Ofte vert to kull fostra opp per år, og begge foreldra deltek i reirbygging, ruging og mating.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Silver gull» frå , den 18. september 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i Oseania