Henrik Sjøfararen () var ein portugisisk prins kjend for å ha støtta dei første portugisiske oppdagingsferdene langs vestkysten av Afrika.Henrik Sjøfareren på Store norske leksikon
Han var son av kong Johan I av Portugal og deltok i 1415 i erobringa av Ceuta i Nord-Afrika, der han vart guvernør. I 1419 vart han òg guvernør for provinsen Algarve i Portugal og i 1420 stormeister i Kristusordenen. Han tok initiativ til fleire portugisiske oppdagingsferder. Mellom anna til Asorane, Kapp Verde, Senegal og Gambia. Han var ikkje personleg med på ferdene, men stod for organisering og finansiering.
Kjelder
Kategori:Portugisiske oppdagarar Kategori:Portugisiske prinsar