All the world's currents on a continuos ocean map|thumb|350px|right
Ein havstraum er ei meir eller mindre framhaldande rørsle av havvatn i eit fast mønster. Det er fleire ulike typar krefter som held i gang vassrørslene i hava, jordrotasjonen, månegravitasjonen og variasjon av vasstettleik skapt av ulikskap i temperatur og saltinnhald. Konturar av havbotn, kystlinjer og andre straumar påverkar òg retning og styrke på ein havstraum.
Skildring
Straumen i havet kan flytte havmassar tusenvis av kilometer. Straumane er svært viktige for klimaet på kontinenta, spesielt i kystregionar. Det mest slåande eksempelet kan vere Golfstraumen som syter for at Nordvest-Europa er meir temperert enn andre regionar på same geografisk breidd. Eit anna døme er Hawaii-øyane kor klimaet er subtropisk og relativt kjølig i forhold til breiddegraden grunna Californiastraumen.
Som regel er overflatestraumane drivne av vinden og dei utviklar den typiske spiralen i urvisarretninga på den nordlege halvkula, og imot urvisaren på den sørlege grunna påtrykk frå vinden. I slike vinddrivne straumar vil Ekman-spiraleffekten resultere i at straumen flyt i ein vinkel i forhold til vindretninga. Området som havstraumane famnar om flyttar seg sesongmessig, dette er mest synleg i ekvatoriale straumar.
Djupe havstraumar er drivne av temperaturgradient og gradient i tettleik. Termohalin sirkulasjon, òg kjent som transportbandet i havet, referer til djupe tettleiksdrivne straumar i havbasseng (havbotnbekken). Desse straumane er òg kalla undervasselver fordi dei flyt under havoverflata og er løynt for direkte oppdaging. I seinare tid har termohalin-sirkulasjonane vore utforska med hjelp av nedsenka utstyr som styrer djupna si etter målt tettleik i havvatnet. Område for oppvelling og nedvelling er områda i havet kor det er observert utsegnskraftige vertikale rørsler i havet.
Måling av havstraumar Ei mykje nytta eining for måling av volumtransport (flytrate) i havstraumar er eininga sverdrup (Sv). Ein Sv svarar til ein transport av ein million kubikkmeter vatn pr. sekund eller omtrent samla avrenning frå alle verdas elver. Forskarar har målt styrken på Golfstraumen utanfor Stadlandet og har funne at han varierer i styrke frå 3 Sv i gjennomsnitt i år 2001 til 5,3 Sv året etter.
Viktig for menneske og livet i havet Innanfor skipsfarten er kunnskap om havstraumar vesentleg for å redusere brennstoffkostnadar. I seglskutetida var denne kunna til og med enda meir naudsynleg. Eit døme er Agulhasstraumen som lenge hindra portugisiske sjøfolk i å komme fram til India. Enda i dag nyttar verdas sjøfolk havstraumane ut til sitt føremon.
Havstraumane har og stor verd for vandringa åt fleire livsformer, eit døme er livssyklusen for ål.
mini|350px|Kart over havstraumar frå 1911 mini|350px|Kart over havstraumar frå 1943
Viktige havstraumar:
Nordishavet Austgrønlandstraumen Norskestraumen
Atlanterhavet Angolastraumen Antillarstraumen Benguelastraumen Brasilstraumen Kanaristraumen Kapp Horn-straumen Karibiastraumen Austgrønlandstraumen Falklandsstraumen Golfstraumen Guineastraumen Guyanastraumen Labradorstraumen Nordatlanterstraumen Nordbrasilstraumen Nord-ekvatorialstraumen Norskestraumen Portugalstraumen Søratlanterstraumen Sør-ekvatorialstraumen Spitsbergenstraumen Vestgrønlandstraumen Vestavindsstraumen
Stillehavet Alaskastraumen Aleutiastraumen Californiastraumen Cromwellstraumen (ein undervasstraum) Den austaustralske straumen Den ekvatoriale motstraumen Humboldtstraumen (eller Perustraumen) Kamtsjatkastraumen Kuroshiostraumen (eller Japanstraumen, Kuro Siwo) Mindanaostraumen Nord-ekvatorialstraumen Nordstillehavsstraumen Oyashiostraumen (eller Oya Siwo) Sørekvatorialstraumen Vestavindsstraumen
Indiahavet Agulhasstraumen Austmadagaskarstraumen Den ekvatoriale motstraumen Den indiske monsunstraumen Den indonesiske gjennomstraumen Leeuwinstraumen Madagaskarstraumen Mosambikstraumen Somalistraumen Den søraustralske motstraumen Sørekvatorialstraumen Vestaustraliastraumen Vestavindsstraumen
Sørishavet Sørishavsstraumen Weddell-virvelen
Kjelder Artikkel i VG 29. september 2003, lest 12. desember 2006
Denne artikkelen bygger på «Ocean current» frå , den 10. desember 2006.
Bakgrunnsstoff NOAA Ocean Surface Current Analyses - Realtime (OSCAR) Near-realtime Pacific Ocean Surface Currents derived from satellite altimeter and scatterometer data. RSMAS Ocean Surface Currents Coastal Ocean Current Monitoring Program