Magellanmåse (Leucophaeus scoresbii) er ein måseart som lever i det sørlege Sør-Amerika. Dette er ein mellomstor måse med eit kort, men kraftig nebb som hos vaksne fuglar som er påfallande raudt. Arten kan ikkje forvekslast med andre måsar i utbreiingsområdet sitt.
Det vitskaplege artsnamnet på denne fuglen heidrar den britiske vitskapsmannen William Scoresby (1789–1857).
Skildring Utsjånad Magellanmåsen blir 40–46 cm lang, og vengespennet 104–110 cm. Gjennomsnittsvekta er kring 525 gram, der hannfuglane i snitt er noko større enn hofuglane.
Vaksne fuglar i praktdrakt er lett gjenkjennelege. Dei har kvitt hovud og kvit kroppsside med eit svakt gråskjær. Overgump og stjert er reint kvite. Vengene er svarte, men har ein brei kvit kant ytst som er særleg tydeleg i flukt. Undersida av armsvingfjørene er noko gråare. Bein og nebb er klårt raude, og det gulkvite auget er omgjeve av ein tydeleg raud augering. I vinterdrakt er hovudet gråleg.
Ungfuglar har gråbrunt hovud og bryst, noko som skil dei frå alle andre måseartar. Buken er kvit, medan rygg og vengoverside er mørkebrune. Stjertfjørene har eit mørkt tverrband. Fuglar mot slutten av det første leveåret liknar framleis ungfuglar, men har lysare hals og bryst. To- og treåringar blir gradvis meir lik dei vaksne, men har enno mørkare isseregion og nakke. Iris får vaksenfarga alt den andre sommaren.
Utbreiing Magellanmåsen finst langs kystane av sørlege Chile frå Los Lagos-regionen i nord og heilt sør til Eldlandet med øyane kring Kapp Horn, langs atlanterhavskysten av Argentina nord til kysten av Río Negro-provinsen. I vinterhalvåret trekkjer desse fuglane i Chile og Argentina noko nordover. Storparten av populasjonen lever på Falklandsøyane.
Levesett Magellanmåsen er altetande, men livnærer seg hovudsakleg av åtsel, fugleegg og fugleungar. Han et òg marine virvellause dyr, muslingar og insekt. Under matsøket undersøker han ofte tang og tare som har blitt skylt opp på stranda, og han stel gjerne mat frå andre måsar og frå skarvar.
Magellanmåsen hekkar i små koloniar, ofte saman med taremåsar. Hekkesesongen startar tidlegast i byrjinga av november, men vanlegvis i desember. Reiret vert bygd godt verna mellom steinar eller grasbuskar, og består av tang og anna plantemateriale med ei grop som er fôra med gras. Kullet inneheld vanlegvis to til tre egg, som er grågrøne til oliven-beige i farga. Ruginga varer 24–27 dagar. Ungane forlèt reiret etter to til fem dagar og samlar seg etter kvart i små «barneflokkar».
Status og vern Storleiken på populasjonen er estimert til 10 000-28 000 individ og trudd å vere stabil. Verdas naturvernunion IUCN kategoriserer magellanmåsen som livskraftig (LC).
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Blutschnabelmöwe» frå , den 5. oktober 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i Chile Kategori:Fuglar i Argentina