Ørkenmåse (Leucophaeus modestus) er ein mellomstor måseart som lever i Sør-Amerika. Arten er uvanleg blant måsar ved at han hekkar langt inne i landet, i den ekstremt tørre Atacamaørkenen i nordlege Chile, medan han elles utanom hekketida finst langs store delar av stillehavskysten i Sør-Amerika.

Det vitskaplege artsnamnet modestus er latin for «enkel, atterhalden».

Skildring Hann- og hofuglar er like i fjørdrakta. Vaksne ørkenmåsar blir om lag 45 cm lange og veg mellom 360 og 400 gram. Hovudet er kvitt om sommaren, men brungrått om vinteren. Kropp og venger er grå, med mørkare overside enn underside. Svingfjørene er svarte, og dei indre hand- og armsvingfjørene har kvite spissar som er tydelege i flukt. Stjerten har eit svart band med kvit bakkant. Bein og nebb er svarte, og iris er brun. Lokkeropet er likt det hjå lattermåse (Leucophaeus atricilla).

Utbreiing Ørkenmåsen hekkar inne i Atacamaørkenen, dei fleste innanfor Antofagasta-regionen i nordlege Chile. Utanom hekketida held han til langs kysten frå sørlege Ecuador og Peru sørover til sentrale delar av Chile. Arten er òg registrert på Falklandsøyane, Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Sporadiske streiffuglar er påvist nordover til Costa Rica.

Levesett I mange år var det eit mysterium kvar denne måsen hekkar, ettersom ingen hekkekoloniar vart funne langs kysten. I 1945 vart det oppdaga at arten hekkar i det indre av Atacamaørkenen, ein varm og ekstremt tørr region med få rovdyr – noko som truleg gjev ein trygg hekkestad. Ørkenmåsen kan hekke i koloniar på opp til 20 000 par eller på spreidde reirplassar. Reiret, ei enkel grop i sanden ofte nær steinar, ligg mellom 35 og 115 km frå kysten, heilt utan tilgang på ferskvatn. Dei ti første dagane etter klekking syt foreldra for skugge for ungane på dagtid. Foreldra flyg vekselvis til havet på natta for å hente mat med væske til ungane. Ørkenmåsar har godt utvikla nattsyn.

Utanom hekketida lever ørkenmåsen på sandstrender og tidevassflater langs vestkysten av Sør-Amerika, der han stikk nebbet ned i sedimentet for å finne små virvellause dyr, særleg sandkrabbar. Han et òg fisk, børstemakk og åtsel, og følgjer stundom fiskebåtar for å finne fiskeavfall.

Status Ørkenmåsen har eit avgrensa hekkeførekomstområde i innlandet og eit avgrensa vinterområde langs kysten av Ecuador, Peru og Chile. Verdas naturvernunion har estimert storleiken på populasjonen til 25 000 individ, medan andre trur det finst meir enn 80 000 ørkenmåsar. Bestanden ser ut til å vere svakt minkande, men er framleis stor nok til at arten er vurdert som ein livskraftig art (LC) på IUCN si raudliste.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Grey gull» frå , den 6. oktober 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i Ecuador Kategori:Fuglar i Peru Kategori:Fuglar i Chile