Larne (frå irsk Latharna)«Latharna / Larne», Placenames Database of Ireland er ein by i grevskapet Antrim i Nord-Irland. Byen har i samsvar med folketeljinga i 2011 ei befolkning på 18 705 innbyggjarar.«Larne», City Population Byen ligg like nord for Belfast og er ei mykje brukt ferjehamn. Hamna i Larne har vore i bruk i meir enn 1000 år, og er i moderne tid mest brukt av fraktskip, og er ei viktig roll-on roll-off-hamn for passasjerar og gods.«About Us – History», Port of Larne. Arkivert fra originalen den 10. mars 2019 Tidlegare var det vanlegast å ta ferje til Stranraer i Skottland. No går det også ferje til Fleetwood i England. Byen har ein eigen politistyrke, Larne Harbour Police. Den irske forma av namnet, Latharna, betyr «Lathar-land» og viser til ein irsk høvding som skal ha halde til i området.«Postal Towns/Bailte Poist» (PDF). Northern Ireland Place-Name Project. Queen's University Belfast.Room, Adrian (2006): Placenames of the World. McFarland, s. 213

Folkesetnad I følgje folketeljinga den 27. mars 2011 budde det 18 755 menneske i Larne, noko som utgjorde 1,04 % av det totale talet i Nord-Irland.«Census 2011 Population Statistics for Larne Settlement», Northern Ireland Statistics and Research Agency (NISRA) Av desse var rundt 18 % under 16 år og faktisk òg 18 % over 65 år. Av den bufaste folkesetnaden var nær 52 % kvinner og nær 48 % menn.

Rundt 67 % tilhøyrde eller var blitt oppseda innan protestantismen (eller annan ikkje-katolsk kristendom), medan nær 26 % tilhøyrde eller var blitt oppseda innan katolisismen. Rundt 71 % indikerte at dei hadde britisk nasjonalitet, 30 % hadde ein nordirsk nasjonal identitet, og 8,75 % hadde ein nasjonal irsk identitet (i svara kunne ein oppgje meir enn ein nasjonal identitet). 17,2 % hadde ein del kunnskap om ulster-skotsk, og 4,02 % hadde ein del kunnskap om irsk-gælisk.«Census 2011 Population Statistics for Larne Settlement», Northern Ireland Statistics and Research Agency (NISRA)

Historie

Den eldste tida venstre|mini|Ruinane av Olderfleet Castle på slutten av 1800-talet. mini|Larne kring 1888. mini|Utsikt mot Chaine Memorial Tower og nordover langs Antrim-kysten mot Glens of Antrim. mini|Musikktribune på Larne Main Street. Fjernt i 2016 under oppgradering av fortaua i sentrum. mini|Labyrint i form av Nord-Irland i Carnfunnock Country Park Kystområdet rundt Larne har vore folkesett i fleire tusenår, og blir rekna som eit av dei eldste folkesette områda på øya Irland. Desse eldste menneskelege folkesetnadene trur ein kom hit frå dagens Skottland via North Channel. I Knockdhu, nord for Larne, låg det ei bygdeborg ute på ein odde og det er funne spor etter busetjing frå bronsealderen. Dei eldste kystbebuarane blir antekne å ha hatt ein sofistikert kultur som involverte handel mellom kysten av North Channel og mellom andre busetjingar langs den skotske kysten. Kysten til Skottland er faktisk godt synleg herfrå. Arkeologiske utgravingar i området har funne flintverk og andre gjenstandar som er blitt daterte til 6000 f.Kr. og seinare. Omgrepet «larniansk» er blitt nytta av arkeologar for å beskriva slike flintverk og liknande gjenstandar frå mesolittisk tid (og ein gong for å beskriva mesolittisk kultur i Irland samla sett) frå den tida då menneska her levde som nomadiske jegerar og samlarar.«Local History and Heritage», Larne Borough council. Arkivert fra originalen den 8. april 2015

Larne har namnet sitt frå Latharna, eit irsk-gælisk territorium eller túath som var ein del av det mindre riket Dál nAraidi under Ulaid.MacCotter, Paul (31. oktober 2014): Medieval Ireland. Territorial, Political and Economic Divisions. The Heritage Council. ISBN 9781846825576. Namnet stava som «Latharne» blei brukt på eit tidspunkt i referanse til ei anglo-normannisk underinndeling, tilsvarende eit herad, av byen Carrickfergus. MacCotter, Paul (31. oktober 2014): Medieval Ireland. Territorial, Political and Economic Divisions. The Heritage Council. ISBN 9781846825576. Latharna i seg sjølv tyder ‘Lathars land’ eller ‘Lathar sine etterkomarar’. I følgje legenda var Lathar ein son av den førkristne kongen Úgaine Mór, som blei skildra som ein irsk overkonge.Larne, County Antrim, PlacenamesNI. Arkivert fra originalen den 17. juni 2023

Busetnade fann fotfeste der elva Inver renn ut i innsjøen Larne Lough. Dette området blei kjent på irsk som Inbhear på Latharna (‘elvemunningen til Latharna’)Joyce, Patrick Weston (1870): Irish Local Names Explained. Via Library Ireland. og blei seinare anglisert som «Inver Larne» eller ganske enkelt «Inver». Latharna blei berre brukt utelukkande om byen dei siste hundreåra. Den romerske keisaren Septimius Severus skal ha skildra korleis ein romersk galei i 204 e.Kr. på veg til Skottland svinga ut av kurs til ein stad som blir kalla Portus Saxa, som er forsøksvis identifisert med Larne Lough, utan at ein kan vera sikker. Grekarane i antikken kjende òg til kysten av Antrim, om ikkje anna av omtale, og geografen Klaudios Ptolemaios på 100-talet e.Kr. refererte til ein stad kalla Islandmagee på eit av karta sine.Port of Larne History

Mellomalderen Det er funne spor etter norrøne folk som kom til området som vikingar på 900-talet. Det blei avdekka norrøne gravstadar og gjenstandar i området som er datert til denne tida. I 1840 blei eit mannleg skjelett funne ved kysten av Larne. Grava var ei enkel grop i sanden omtrent 1,5 meter over høgsvassmerket. Mannen var ein krigar som var gravlagd med eit tviegga sverd lagt over brystet med handtaket mot høgre hand. Han hadde òg fått med seg ei nål av bronse og ein kam skoren ut av bein.«The male burial at Larne», Viking Ship Museum. Arkivert fra originalen den 16. juli 2012. Snorre Sturlason omtalar ein stad kalla Ulvreksfjorden (Larne Lough) i soga om Olav den heilage, der Einar Sigurdsson Vrangmunn kom i kamp med den langt større hæren til irskekongen Konofogor, og så vidt slapp unna til Orknøyane med berre eitt skip.Snorres kongesagaer, 6. utg. 2003, Gyldendal, s. 281 (I)Tøsse, Mikal Melhus (Vår 2022): Samer, tyskere og keltere i de norsk-islandske kongesagaene: Kulturmøter som utgangspunkt for kulturelle særegenheter (PDF), Historie mastergradsoppgave, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen Andre namn er Wulfrichford, Wolderfirth, Wolverflete og det bevarte namnet Olderfleet. Endinga -fleet kjem frå norrøne fljot, i tydinga ‘innløp’Gathorne-Hardy, Geoffrey Malcolm (1921): The Norse Discoverers of America. Clarendon Press eller kanskje heller ‘elv’.«fljót», Wiktionary Older- kan vera forvanska frå norrøne oldu, i tydinga ‘bølge’.Gathorne-Hardy, Geoffrey Malcolm (1921): The Norse Discoverers of America. Clarendon Press«Öldu-gangr», Cleasby & Vigfusson Dictionary; «alda», Wiktionary

På 1200-talet bygde den skotske familien Bissett festninga Olderfleet Castle ved Curran Point ved hamna i Larne. I 1315 gjorde Edward Bruce landgang ved Larne, med ein 6000 mann sterk hær på veg for å erobra Irland. Edward var bror til den skotske kongen Robert Bruce. Olderfleet Castle, eit tårnhus i fire etasjer, var av strategisk tyding. Edward var invitert av nokre irske stormenn som ynskte ein sterk hærførar i kampen mot engelskmennene. Edward og Robert såg på Irland som ein mogleg annan front i den pågående krigen mot normanniske England.«On This Day: Edward Bruce, the last High King of Ireland, dies in 1318», IrishCentral 14. oktober 2022«Edward the Bruce», Causeway Coastal Route

Busetjinga av Ulster mini|Rådhuset Larne Town Hall mini|Larne hamn mini|Blackcavetunnelen eller «Den svarte kvelven» ved byrjinga av den naturskjøne kystvegen i Antrim ved den nordlege kanten av Larne. I 1569 utnemnde Elisabeth I, som var dronning av både England og Irland, den militære kommandanten Moyses Hill til guvernør for Olderfleet Castle. Festninga var viktig for kvar ein erobring av Ulster. Etter 1600-talet kom mange fleire nybyggjarar til Ulster via Larne, under busetjinga av Ulster. Området rundt sjølve grevskapet Antrim var likevel ikkje ein del av den offisielle busetjinga frå 1600-talet; i staden kom mange skotske nybyggjarar til området gjennom privat busetjing på 1600-talet (slik dei hadde òg gjort i hundreår før).

Utvandring og opprør I løpet av 1700-talet emigrera mange skotsk-irarar til Nord-Amerika frå hamna i Larne. Eit monument i Curran Park til minne om «Friends Goodwill», det fyrste emigrantskipet som segla frå Larne i mai 1717, på veg til Boston i Massachusetts i regionen New England i det moderne USA. Dei djupe skotsk-irske røtene til Boston kan sporast tilbake til Larne.

Byen er dokumentert som den fyrste i grevskapet Antrim som vart teke av opprørsforeningen United Irishmen under det skjebnesvangre opprøret i 1798. Dei protestantiske opprørarane frå dette området (nesten utelukkande presbyterianarar) fylte Larne og engasjerte regjeringsstyrkane rundt klokka 02.00 om morgonen 7. juni. Dette overraskande angrepet dreiv garnisonen til å flykta frå byen. Opprørsstyrken marsjerte for å bli med til Henry Joy McCracken og kjempa i slaget ved Antrim.Hope, J., & Newsinger, J. (2001): United Irishman : the autobiography of James Hope. London: Merlin; s. 33-34

I 1914 førebudde lojalister seg på å stå imot lova om sjølvstyre (Home Rule Act 1914) med væpna motstand. I ein episode kjend som våpensmuglinga i Larne blei tyske, austerrikske og italienske våpen med ammunisjon frakta inn i hamna i Larne og Bangor i mulm og mørke og spreidde over heile Ulster.Stewart, A.T.Q. (1967): The Ulster Crisis, London, Faber and Faber Ltd., ISBN 571 08066 9 Denne hendinga markerte eit stort skritt i å sementera retten til unionistane i Ulster om å bli verande i Storbritannia, og dette berga til slutt til opprettinga av Nord-Irland.

Konflikten i Nord-Irland Larne I løpet av tida som er karakterisert som «The Troubles», konflikten i Nord-Irland, hadde Larne eit betydeleg paramilitært nærvær i byen, mest gjennom nærværet av Ulster Volunteer Force (UVF) og Ulster Defence Association (UDA). Byen leid ei rekkje bombeangrep frå den provisoriske irske republikanske hæren (IRA) i denne tida, særleg ved ei stor bilbombe ved King's Arms-hotellet i 1980 som gjorde skade på dei viktigaste shoppingområda som IRA tok på seg ansvaret for.«Terrorist Incident (Larne) (Hansard, 6 May 1980)», UK Parliament Hendinga blei teken opp i parlamentet på den tida.«Terrorist Incident (Larne) (Hansard, 6 May 1980)», UK Parliament

Hendingar som involverte dødsfall var:

16. september 1972: Sinclair Johnston, eit medlem av UVF, skoten av Royal Ulster Constabulary under gateforstyrringar i byen då sistnemnde verna katolikkar som bodde i St Johns Place.McKittrick (2001), s. 264-265 20. november 1974: Kevin Regan døydde av skaden han fekk i eit UVF-angrep fem dagar før på Maguires bar på Lower Cross Street. Larne UDA gav IRA skulda for angrepet.McKittrick (2001), s. 495-496 6. februar 1975: Colette Brown, ein katolikk, blei funnen ved sida av Killyglen Road etter å ha vore skutt av lojalister.McKittrick (2001), s. 514-515 To menn, ein av dei medlem av UVF-medlem og den andre ein underkorporal i UDR (Ulster Defence Regiment), blei seinare dømde for drapet hennar.McKittrick (2001), s. 366 8. september 1975: Michael O'Toole, ein katolikk, døydde av skaden han blei påført i ei lojalistisk booby trap-bombe festa til bilen hans to dagar tidlegare.McKittrick (2001), s. 575-576 24. august 1980: Rodney McCormick, ein katolikk, blei skoten og drepen av Ulster Defence Association (UDA) i Antiville-området i byen. Royal Ulster Constabulary dømde dei involverte våpenmennene.McKittrick (2001), s. 836