Paul Christian Pedersen () var ein norsk forretningsmann og stortingsmann frå Skudeneshavn. Han representerte Stavanger og Haugesund i stortinget 1895-97.

Pedersen var i 1873 tilsett i Asbjørn Kloster si glas- og steinty-forretning i Stavanger. Då Kloster døydde i 1876 kjøpte Pedersen og broren P.T. Pedersen forretninga. Frå 1900 var Paul Christian Pedersen åleine eigar av verksemda. Han var elles medeigar og styremedlem i fleire industriverksemder i distriktet, så som Stavanger Smørfabrikk, preserveringsfirmaet Nor og Egersunds fajansefabrikk.

Pedersen var medlem i Stavanger bystyre frå 1886-1907, tidvis i formannskapet. Han var i 22 år styremedlem i Stavanger misjonskrins og i 19 år formann i Betaniastiftelsen, og hadde elles mange andre tillitsverv.

Han møtte på Stortinget frå 15. mars 1895, etter det opphavlege stortingsvalet vart forkasta, for så å verte vald på ny. Han var medlem i Næringskomite nr 1.

Adolf Pedersen var hans yngre bror.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Moderate Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger og Haugesund Kategori:Lokalpolitikarar i Stavanger Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Karmøy Kategori:Folk frå Stavanger