Richard Robson () er ein engelsk og australsk kjemikar og professor i kjemi ved University of Melbourne. Robson spesialiserer seg på koordinasjonspolymer, særleg metall-organiske rammeverk (MOF). Han har vorte skildra som «ein pioner innan krystallteknikk som involverer overgangsmetall». I 2025 vart han tildelt Nobelprisen i kjemi saman med Susumu Kitagawa og Omar M. Yaghi for utviklinga av metall-organiske rammeverk. Bakgrunn Robson vart fødd i Glusburn i West Yorkshire (no North Yorkshire) i England, den 4. juni 1937. Han studerte kjemi ved Brasenose College i Oxford, og tok ein bachelorgrad (BA) i 1959 og ein doktorgrad (DPhil) i 1962. Doktorgradsarbeidet hans, rettleidd av J.A. Barltrop ved Dyson Perrins-laboratoriet, handla om fotokjemien til organiske molekyl.
Robson dreiv postdoktoralt forskingsarbeid ved California Institute of Technology (1962–64) og Stanford University (1964–65), før han tok imot eit lektorat i kjemi ved Universitetet i Melbourne i 1966, der han vart verande resten av karrieren sin.
Forsking Den banebrytande forskinga til Richard Robson la grunnlaget for viktige prinsipp innan koordinasjonspolymerar, særleg for uendelege polymerstrukturar – seinare kalla metall-organiske rammeverk (MOF). Interessa hans for feltet vart vekt i 1974 då han bygde store tredimensjonale modellar av krystallstrukturar til førelesingar for førsteårsstudentar i kjemi.
På 1990-talet skapte Robson ein ny klasse av koordinasjonspolymerar som la grunnlaget for eit heilt nytt felt innan moderne kjemi. Den innovative tilnærminga hans nytta kopar(I), som føretrekk tetraedrisk geometri, saman med ei spesialdesigna organisk tetranitril-lenke. Metoden førte til krystallinske strukturar med diamantliknande form, men med store, konstruerte tomrom inne i rammeverket.
Prisar og utmerkingar Robson fekk Burrows-prisen frå den uorganiske avdelinga til Royal Australian Chemical Institute i 1998, og vart vald inn som Fellow i Australian Academy of Science i 2000. Han vart også vald til Fellow of the Royal Society i 2022.
I 2025 vart Robson tildelt Nobelprisen i kjemi saman med Susumu Kitagawa og for utviklinga av metall-organiske rammeverk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Richard Robson (chemist)» frå , den 9. oktober 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Engelske kjemikarar Kategori:Australske kjemikarar Kategori:Engelske professorar Kategori:Australske professorar Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Australske nobelprisvinnarar