Uljanovsk oblast er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Uljanovsk, arealet er 37 300 km² og innbyggjartalet er 1 218 319 (2021).
Geografi Uljanovsk oblast ligg sentralt i Volga-regionen, på begge sider av elva Volga, aust i den europeiske delen av Russland. Området er ganske flatt. Volga sitt elveløp deler provinsen i to, og strekkjer seg 200 km innanfor provinsen sine grenser. Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen i januar er –14 til –12 grader celsius, i juli +18 til +20 grader celsius. 28 % av arealet er skogkledd. Det er omfattande oljeutvinning i området.
Folkesetnad mini|venstre|Elva Volga nær byen Uljanovsk.
Nesten halvparten av folket bur i byen Uljanovsk (614 800 ibuarar), nest største by er Dimitrovgrad (122 600).
Den etniske samansetjinga var i 2010:"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 Russarar: 69,7 % Tatarar: 11,6 % Tsjuvasjar: 7,3 % Mordvinar: 3,0 %
Historie Området som i dag utgjer Uljanovsk oblast vart russisk territorium etter at tsar Ivan den grusomme nedkjempa og erobra det mongolske Kazan-khanatet i 1552. I 1648 vart byen Simbirsk, som i 1924 endra namn til Uljanovsk grunnlagd. I 1870 vart Vladimir Iljitsj Uljanov, betre kjend som Lenin, fødd her. Under den russiske revolusjonen overtok bolsjevikane makta i Simbirsk 10. desember 1917. I 1918 fall byen i dei kontrarevolusjonære kvitegardistane sine hender, men vart gjenerobra av bolsjevikane i september. Under den andre verdskrigen vart fleire offentlege funksjonar evakuerte til Uljanovsk frå Moskva og Leningrad.
Ved valet til den regionale forsamlinga i 2003 kom fire grupperingar over sperregrensa på 5 %: Sameint Russland: 27,4 % Folket for Frolytsj: 12,8 % Den russiske føderasjonens kommunistiske parti: 11,3 % Russlands liberal-demokratiske parti: 11,1 % 12,8 % stemde mot alle (blankt).
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske føderasjonssubjekt