mini|Økologisk produsert melasse frå Paraguay. Melasse er eit avfallsprodukt frå sukkerindustrien og er ei brun, tjuktflytande væske som er att når ein har vunne ut sukker frå sukkerbetar og sukkerrøyr. Melasse inneheld cirka 50% sukker og har ein søtleg smak. Reinska melasse blir seld som sirup.

Melasse blir blant anna brukt til produksjon av kraftfôrblandingar til husdyr. Sukkerrøyrmelasse blir òg brukt til produksjon av fleire typar brennevin, blant anna rom.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Melasse» frå , den 15. oktober 2025.

Kategori:Sukker Kategori:Fôr Kategori:Matvarer