Amerikagråmåse (Larus smithsonianus) er ein stor og tilpassingsdyktig måseart som hekkar over store delar av Nord-Amerika.

Denne måsearten vart først skildra som ein ny art i 1862 basert på ein serie eksemplar frå Smithsonian Institution. Artsnamnet smithsonianus heidrar den engelske kjemikaren James Smithson. Smithson testamenterte på 100 000 pund til grunnlegginga av institusjonen som ber namnet hans.

Skildring

Amerikagråmåsen er ein kraftig bygd måse med kroppslengd på 53–65 cm og vengespenn opp til 150 cm. Hoer har kroppsmasse i området 600–1240 gram, hannfuglar er større enn hoer og kan vege opptil 1650 gram. Arten har kvitt hovud og kvit underside, lysgrå overside og venger, og svarte vengjetippar med kvite «spegelar». Beina er rosa, nebbet er gult med ein raud flekk på undernebbet, og auga er bleikgule med gul eller oransje ring.

Ungfuglar er gråbrune og meir einsfarga enn unge gråmåsar i Europa. Dei bruker om lag fire år på å få vaksen fjørdrakt.

Amerikagråmåsen hekkar hovudsakleg i dei nordlege delane av Nord-Amerika, frå Alaska og sentrale og nordvestlege Canada austover til Dei store sjøane. I aust hekkar han på Baffinøya og sørover langs atlanterhavskysten til Nord-Carolina. Leveområdet utanom hekketida er langs stillehavskysten frå British Columbia sør til og med nordvestre Mexico. Andre overvintrar langs atlanterhavskysten og kysten av Mexicogolfen. Nokre fuglar lever spreitt ved Dei store sjøane og ved opent vatn i sørlege delar av USA, til dømes ved dei store elvane, fåtalige fuglar trekker ned til Dei store Antillane.

Amerikamåsar er sjeldne streiffuglar til Vest-Europa. Per 2025 finst det ti godkjente registreringar av amerikagråmåse på streif i Noreg.

Levesett

Amerikagråmåsen er ein opportunistisk art som lever i mange ulike habitat – frå kystområde til innsjøar, elver, søppelfyllingar, jordbruksområde og hustak. Føda er særs variert og omfattar fisk, blautdyr, krepsdyr, insekt, egg og ungar av andre fuglar, små pattedyr, åtsel og menneskeleg avfall.

Arten viser eit breitt spekter av åtferd for å finne føde – han kan fange bytte frå overflata, søkje på bakken eller sleppe skaldyr på stein for å knusa dei. Dette siste vert rekna som lært åtferd, ikkje medfødd.

Hekking skjer i opne, trelause habitat, i byområde hekkar han òg på flate tak. Reiret er ei enkel grop i bakken fôra med vegetasjon og tilgjengeleg materialar inkludert plastavfall og snøre. Hoa legg vanlegvis tre egg, og begge foreldra rugar i nær éin månad. Ungane blir flygedyktige etter seks til sju veker og får mat av foreldra i 4-5 veker etterpå.

Amerikagråmåsen lagar mellom anna varslande rop, eit grovt «keow». Det er skildra 8 eller fleire variantar av læte brukte til kommunikasjon i ulike situasjonar t.d. åtvaring og «føde funnen».

Status

Bestanden gjekk kraftig ned på 1600-talet på grunn av jakt etter fjør og egg. Etter vernereglar og aukande tilgang på menneskeleg avfall på 1900-talet voks populasjonen raskt mellom 1930- og 1960-åra. Arten spela òg ei viktig rolle i tidlege studiar som knytte DDT til tynning av skal i fugleegg.

Sidan 1980-talet har talet på fuglar stabilisert seg eller gått noko tilbake i enkelte område. Storleiken på den globale populasjonen er estimert til 430 000-520 000 individ per 2014. Verdas naturvernunion har klassifisert arten som «livskraftig» (LC).

Kjelder

Denne artikkelen byggjer dels på «American herring gull» frå , den 18. oktober 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i den nearktiske regionen