Andreas Kjær () var ein norsk offentleg tenestemann og stortingsmann for Høgre.

Bondesonen Kjær var frå Holum i Vest-Agder. Fram til 1911 var han sekretær ved politikammeret i Kristiansand. Sidan var han tilsett i Kristiansand kommune til 1951. Fyrste åra som magistratsekretær og sidan bysekretær. Frå 1923 arbeidde han som rådmann, med unnatak for 1941–45 då han vart fjerna frå embetet av nazi-styret. Periodane 1931-33 og 1937-45 representerte han partiet Høgre og valkrinsen Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger, Haugesund i Stortinget. 1931-33 sat han i Protokollkomiteen, 1937-45 i Fullmaktskomiteen.

Kjær var tildelt Kongens fortenestemedalje i gull, og utnemnt til riddar av fyrste klasse av Dannebrogordenen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Vest-Agder og Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Folk frå Mandal Kategori:Folk frå Kristiansand